Gunn-Reidun Tednes Aaserød leiar Utdanningsforbundet i Rogaland.
Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRKForhandlingsleiar Per Kristian Sundnes i KS.
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpixLærarane aksjonerte mot den nye arbeidstidsavtalen før skulane tok sommarferie. No blir fleire av dei tekne ut i streik.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Dette vil utan tvil merkast, seier leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn-Reidun Tednes Aaserød.
Etter at streikeuttaket vart kjend tidlegare denne veka, gjekk KS ut og avkrefta at deira krav mellom anna var at lærarane måtte vera på skulen 7.5 timar kvar dag. Dette kravet som har fått mange lærarar til å reagere sterkt.
– Det er eit positivt signal at KS no snur på dette, men tida renn snart frå oss for å få på plass ei løysning, seier Aaserød.
- LES OGSÅ:
- ALT OM: LÆRARSTREIKEN
I Rogaland blir 850 lærarar tekne ut i streik. Den råkar 15 ungdomsskular og sju vidaregåande skular i Stavanger og Sandnes. Ved mange skular startar elevane allereie på torsdag.
– Eg reknar med at det blir ein start på streiken, så får ein berre håpe at KS klarar å kome med ei betre løysning. Det viktigaste er at lærarane blir høyrt, seier ho.
– Mykje står på spel
Det var uravstemminga blant lærarane som gjorde at det blei brot i forhandlingane og streik. Utdanningsforbundet sa først ja til KS sitt tilbod.
– Her blei det gjort ei feilvurdering. Forhandlingspartane hadde ikkje lest signala frå lærarane godt nok, og det må me som tillitsvalde ta eit felles ansvar for, seier Aaserød.
Ho erkjenner at det er mykje som står på spel når ein ny avtale skal forhandlast fram.
– Me har ikkje råd til at det kjem eit nytt forslag som ikkje lærarane er fornøgde med.
Streiken kan bli langvarig
Dersom det ikkje kjem ein god nok avtale på bordet, ser ikkje Aaserød vekk frå at streiken kan bli langvarig.
– Lærarane er klare for å kjempe heile hausten. Ingen er tent med å ha tusenvis av rasande lærarar på skulane, og aller minst elevane, seier ho.
Etter det NRK har grunn til å tru er det sannsynleg at Riksmeklaren kan kome til å kalle inn partane tidleg neste veke.