Hopp til innhold

Etterlyser informasjon om kvifor dette skjer

Norges Automobilforbund (NAF) etterlyser meir informasjon om alle bilbrannane her i landet. Kvar dag oppstår det i snitt ti bilbrannar i Norge, ifølge ferske tal frå Finans Norge.

Bilbrann på Ogna.

VIDEO: Sjå video av bilbrannen på Orre. Foto: Privat.

Denne veka opplevde ein bileigar marerittet på Ogna på Jæren etter å ha parkert bilen utanfor hytta (sjå videoen over).

– Eg blei overraska over kor fort det gjekk. Det small i ruter og dekk og var ei dramatisk oppleving. Eg var livredd for at bilen skulle eksplodera, fortel Gina Skjørestad.

10 bilbrannar til dagen

Heldigvis gjekk det bra med både folk og bygningar på Ogna. Men Gina Skjørestad er langt frå åleine om å oppleva brannar som dette.

Gina Skjørestad

Gina Skjørestad opplevde bilbrannen som svært dramatisk.

Foto: Privat

Ferske tal frå bransjeorganisasjonen Finans Norge viser at det i snitt brann ti bilar kvar dag her i landet første halvår i år. Det har gitt forsikringsutbetalingar på over 100 millionar kroner i løpet av årets første seks månadar.

Trafikkpolitisk talsmann i NAF Stavanger, Thor Jåsund, etterlyser informasjon om kvifor omfanget av bilbrannar er så stort.

– Per i dag får ein lite informasjon. Meir informasjon hadde vore nyttig for både bilførarane og andre. Då tenker eg på om det er enkelte bilmerke og regionar i landet som skil seg ut. Då kunne ein undersøkt kva som gjer det og forbetra det.

Brannane byr på utfordringar

Thor Jåsund

Trafikkpolitisk talsmann i NAF Stavanger, Thor Jåsund.

Foto: Magnus Stokka

Brannkonstabel i Rogaland brann og redning IKS, Dan Åsmund Nilsen, har ansvar for nybilteknologi i brannvesenet. Han seier dagens bilpark byr på utfordringar når bilbrannar oppstår.

– Me veit aldri kva me kjem fram til i dag. Dersom det brann i ein bil tidlegare, visste me at det var ein bensin- eller dieselbil med vanleg batteri. I dag har me mange forskjellige alternativ som gass, el- og hybridbil. Det gir større utfordringar for oss.

For eksempel vil ein brann i ein elbil ha så høg temperatur at det i praksis er umogleg å sløkka brannen og jobben blir derfor å redda liv, ifølge brannkonstabelen.

Skal på kurs

Dan Åsmund Nilsen

Brannkonstabel i Rogaland brann og redning IKS, Dan Åsmund Nilsen.

Foto: Magnus Stokka

For å læra meir om dette skal brannvesenet nå kursast i korleis dei skal ta seg av brannar i den moderne bilparken. Men det finst gode råd for bekymra bileigarar, ifølge Nilsen.

– Pass på å ha bilen på sørvis. Dersom du har elbil, bør du sjekka ladekontakten. Brannar kan fort oppstå under lading. Elles bør du passa på kor du plasserer bilen og gå over det elektriske anlegget. Dette gjeld også for vanlege fossile bilar.

Thor Jåsund i NAF ber folk om å sørga for å halda motorrommet reint under panseret.

– I tillegg bør ein halda batteripolane på bilbatteriet reint og slitne hjullager skaper dekkbrannar. Og pass på å gjera det skikkeleg om det skal installerast noko nytt elektrisk i bilen.