Hopp til innhold

18-åring varsla politiet og Frp om Birkedal for fire år sidan

– Eg melde Birkedal til politiet etter ein intimmassasje seint i 2007. Til svar fekk eg eit takk, og beskjed om at dei skulle gripa inn dersom dei høyrde noko meir, fortalde ein prega 21-åring i retten i dag.

Trond Birkedal

Rettssaka mot Trond Birkedal går i Stavanger tingrett denne veka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Allereie i 2008 tok imot leiinga i Frp ein anonym e-post med skuldingar mot dåverande leiar i FpU, Trond Birkedal. Ein e-post det har blitt snakka mykje om i rettssaka mot Birkedal.

I brevet fortel ein person at han hadde fått massasje av Birkedal som 17-åring, og at han hadde opplevd dette som eit overgrep. Frp gjorde likevel ikkje meir med saka enn å spørja Birkedal sjølv om skuldingane:

– Birkedal sa at det ikkje var hald i skuldingane, og sidan me ikkje klarte å spora kven som hadde sendt denne e-posten gjorde me ikkje noko meir med saka, fortalde Geir Mo i retten i dag.

– Våga ikkje å sei nei

Trond Birkedal i retten

Tiltalte Trond Birkedal teikna i retten onsdag.

Foto: Ingrid Haukelidsæter

Det var først seinare dei tok imot skuldingane om seksuelt overgrep av ein 15 år gamal gut. Då gjorde dei heller ikkje anna enn å oppmoda guten om å melda det til politiet.

Mannen som hadde sendt det anonyme brevet vitna også i dag, han fortalte at han framleis var sterkt prega av hendinga som skal ha skjedd i slutten av 2007.

– Me skulle sjå film hos Birkedal, men eg kom litt for tidleg. Han spurde om eg ville prøva boblebadet, noko eg sa ja, eg såg opp til han og våga ikkje noko anna, fortalde han.

Vidare skal det ha enda opp med ein massasje som den då 17-år gamle guten fann alt for intim.

– Me måtte heldigvis avslutta massasjen då det kom fleire for å sjå film, men då dei hadde gått spurde han meg om me skulle fullføra massasjen. Eg lurte på kva han meinte med det, men klarte heldigvis å seia nei og koma meg ut, fortalte han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Mo

Geir Mo vitna i retten onsdag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fekk ikkje svar frå Frp

Etter hendinga skal han ha slite mykje, og han valde å skriva ein anonym e-post til Frp-leiinga.

I tillegg til å fortelja om hendinga skreiv han at dersom ikkje Frp gjorde noko med hendinga, så ville han gjera det. Og sidan ikkje Frp gjorde noko, tok han kontakt med ein advokat, som vidare kontakta politiet:

– Til svar fekk eg eit takk, og beskjed om at dei skulle gripa inn dersom dei høyrde noko meir. Vidare høyrde eg aldri noko, og følte at det ikkje var meir eg kunne gjera med saka.

(Artikkelen held fram under tidslinja)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Utan relevans

Aktor Karsten Monsen

Aktor Karsten Monsen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Politiadvokat Karsten Monsen som spurde ut den nå 21 år gamle mannen fortel at dei ikkje har dokument som viser at Birkedal har blitt rapportert inn til politiet, men meiner det kan ha sine naturlege årsaker:

– Han var 17 år då denne intimmassasjen gjekk føre seg. Derfor skjedde det heller ingenting, seier han til NRK.no.

Forsvarar for Arvid Sjødin meinte at historia var utan relevans for saka:

– Forholdet som blir forklart er ikkje ulovleg. Derfor er dette fullstendig utan relevans, sa han i etterkant av rettssaka.