Politiet la vekk valdtektssaka mot han etter beviset si stilling, men det er ikkje nok for Jan Birger Medhaug.
Han meiner saka bør leggast vekk som ei sak der det ikkje har skjedd noko straffbart.
Førstestatsadvokat i Rogaland, Harald L. Grønlien, trur klagen er ferdig behandla i løpet av denne veka.
Hege Salomon, som er bistandsadvokat til kvinnen synes det er positivt at saka handsamast raskt.
Og dermed er anken truleg avgjort før ekstraordinært fylkesstyremøte i KrF måndag. Om Medhaug når fram får støttespelarane hans nok eit argument for å gje han tilbake fylkesordførar-kandidaturet.