Hopp til innhold

Mann (27) funnen i god behald

Politi og frivillig leitemannskap har i kveld leita i meir enn to timar etter ein mann med Downs syndrom i Sandnes. Nå er han funnen i god behald.

Sandnes sentrum

Klokka 17 starta søket etter ein 27 år gamal mann med Downs syndrom i Sandnes. Mannen blei sist sett ved brannstasjonen, og det er her søket tek utgangspunkt frå.

– Me har nå 34 frivillige ute og leiter. I tillegg til leitehundar, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Trygve Ravndal til NRK.

Mannen hadde på seg ein mørk ransel eller ei veske og ein burgunderfarga genser då han forsvann. Han skal vera låg av vekst og i fysisk god form.

Klokka 20.30 melder politiet at mannen er funnen i god behald på Ganddal.

Politiet var også involvert i eit søk etter ei jente på Ålgård i dag, jenta kom raskt til rette etter ho blei meldt sakna.