Hopp til innhold

Blir på størrelse med Bislett Games

Folka bak sandvolleyballturneringa, World Tour Stavanger, legg rekordmykje pengar i potten. For å lukkast må publikum stilla opp.

Folka bak sandvolleyballturneringa World Tour Stavanger legg rekordmykje pengar i potten. For å lukkast må publikum stilla opp.

VIDEO: Sandvolley-turneringa i Stavanger gjorde i fjor comeback etter to års pause.

Sveinung Byberg

Sveinung Byberg presenterte i dag planane for årets volleyballturnering i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er for tida mest snakk om økonomiske kutt i oljebyen Stavanger, men sandvolleyball-turneringa, som nå heiter World Tour Stavanger, går mot straumen og satsar meir enn nokon gong.

Samanliknar med Bislett Games

Opp mot 250 spelarar frå heile verda kjem for å konkurrera, og kostnadsramma totalt er på 30 millionar kroner.

– Dette er kostnadsramme berre dei aller største arrangementa kan skilta med, eigentleg er det lite me kan samanlikna oss med både i Noreg og i Norden, seier dagleg leiar i World Tour Stavanger, Sveinung Byberg.

Men dersom han skal samanlikna med noko er det friidrettsarrangementet Bislett Games i Oslo, som er mest samanliknbart.

Benedicte Maaseide og Hanne Haugen Aas

Hanne Haugen Aas (t.v.) og Benedicte Maaseide gler seg til volleyfest i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Treng publikumsbesøk

Han meiner likevel at det er velbrukte pengar når ein ser på kva Stavanger får tilbake.

– Dette genererer kanskje 100 til 150 besøkande som alle bruker ein del pengar mens dei er her, så for byen totalt sett så er det ein rein verdi på langt over 100 millionar kroner, der er eg overtydd om.

I fjor var volleyballturneringa i Stavanger tilbake etter to år med pause. Nå satsar Benedicte Maaseide, Hanne Haugen Aas og den brasilianske trenaren deira Ricardo Brunale, knallhardt på at dei skal vera med å få Noreg tilbake til toppen.

Benedicte er dottera til den kjende volleyballprofilen, Bjørn Maaseide, ho meiner det er viktig at dei blir tekne ut i turneringa.

– Eg meiner det må vera eit norsk lag der for å vera skikkeleg i det. For publikum trur eg også at det er viktig å ha norske lag med i hovudrunden, seier ho.