Hopp til innhold

Legg nytt Viking-gras etter ti år

Det ser kanskje ut som eit gedigent blomsterbed i dag. Men om få dagar vil friskt nytt gras, pryde Viking stadion. Dei første grasrullane blei lagt ut i dag tidleg.

Nytt gras blir rulla ut på Viking stadion

Gisle Oseberg

Gisle Oseberg, driftssjef i Viking.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Stadion ser i dag ut som eit stort brunt bed. Men i dag byrja jobben med å dekke dei vel 7000 kvadratmetrane med gras.

– Det er spennande. Det er ti år sidan me opna, og graset har lege sidan då. No kjem det nytt lokalt gras, kan ikkje bli betre, seier driftssjef i Viking, Gisle Oseberg.

Lokalt gras

Graset er kutta på Sola, og det betyr noko at graset er lokalt, meiner Oseberg.

– Du har den magefølelsen at det er litt herleg når det kjem herifrå. Det kjem frå ein plass der ein er van med å dyrke gras og graset toler klimaet me har her, seier han.

Han er ikkje nervøs for at dette blir gjort når sesongen allereie er i gong.

– At me skifter graset no har litt med verforhold å gjera, me kan vera meir trygge på at det ikkje kjem ein periode med kulde no, seier driftssjefen.

Måtte skiftast ut

Graset frå Sola erstattar ei grasmatte som var over ti år gamal. Det var hovudårsaka til at den no måtte skiftast ut.

– Banen byrja å bli gamal, og me måtte gjera noko med den. Den var kompakt og sank på midten. I tillegg fekk me nokre ekstra skader i forbindelse med Robbie Williams-konserten, seier kommunikasjonssjef i Viking, Ole J. Askeland.

Men trass i at graset tok skade av den store Robbie Williams-produksjon, vil ikkje Viking sjå bort frå at dei kan koma til å halde nye store arrangement på den nye grasmatta.

– Det er ingen planer no, men me arrangerte jo ei rekke konsertar tidlegare som gjekk fint. Men den siste erfaringa viste oss at me må vera forsiktig, slik at belastninga på banen ikkje blir for stor, seier Askeland.

Vil vera førstemann

Men først og fremst er det fotball som skal spelast på den nye matta, og mange av Viking-spelarane gleder seg til å ta den i bruk, seier Oseberg.

– Eg trur dei gleder seg veldig mykje. Det kjem til å bli ein konkurranse om kven som blir førstemann til å score mål på det nye graset, avrundar Oseberg.

Graset skal vera klart til Viking sin neste heimekamp, som er mot Haugesund, 21. april.