Hopp til innhold

Legg ned pelsfarmen

Ein pelsoppdrettar i Hjelmeland legg ned farmen etter varsel om tvangsmulkt.

Pelsdyroppdrett

Eigaren av pelsdyrfarmen i Hjelmeland driv med mink (Arkivbilde)

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Eigaren av pelsfarmen i Hjelmeland, har opplyst til Mattilsynet at han alt har avliva halvparten av dei 3000 pelsdyra sine.

- Mattilsynet har registrert fleire dyr med sår og avkorta halar, på tidlegare besøk på farmen. Det seier seksjonsjef ved Mattilsynet Ole Aamodt.

I sist veke måtte tilsynet kreve avliving av sju dyr, då dei var på eit ikke-varsla tilsyn, fortel Aamodt.

Fekk krav om betring

I august i år fekk eigaren beskjed om at han kom til å få tvangsmulkt, dersom han ikkje ordna opp i drifta. Nå har han altså halvert drifta og lovar å leggja ned innan kort tid.

- Det kom ikkje som noko stor overrasking, sidan han over tid ikkje har hatt ei drift tilpassa våre krav, seier seksjonssjef i Mattilsynet, Ole Amodt.