Det er VM i styrkeløft i Stavanger denne veka, og i Rogaland retro har me i dette høvet funne fram klipp med Torkel Ravndal; verdas sterkaste mann frå Figgjo.
Ravndal løfta heile 375 kilo i markløft og reiste land og strand rundt med sine styrkeshow der han bøygde hesteskor og andre gjorde andre karsstykke.
I 1987 hadde han likevel fått nok av Norge og alle dei fulle folka som kom på styrkeshowa hans. Han ville til USA der dei framleis respekterte det han dreiv med. Dette snakkar han om i intervju med John Skien i videoklippet.
Det blei likevel aldri ei flukt frå Norge for Ravndal, og i 2004 døydde han 67 år gamal. NRK Rogaland laga då eit innslag om Ravndal som du også finn i videoklippet. Der blir Delillos sin song om Ravndal brukt. Ein hyllest til den sterke mannen.
«Engang den beste i europa
Torkel Ravndal
Fra den gang vi satt foran tv'n og kopa
Med et stønn løftet han et tonn
Og etterpå sa han at formen var på bånn»
Sjå Arve Opsahl og Torkel Ravndal på Momarkedet i 1970 – ut frå lyden er det nok av fulle folk i publikum her:
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.