Hopp til innhold

Lakselusa tar over

44 prosent av alle oppdrettsanlegg i Ryfylkefjordane, har for mykje lakselus. Og nå er lusa i ferd med å bli resistent mot middelet som skal ta knekken på den.

Lakselus

Lakselusa kan ta livet av vill-laksen

Foto: Norges Jeger og Fiskerforbund

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lakselusa kan ta livet av vill-laks-smolten, når den vandrar ut frå elvane og ut i havet på våren. Dei små laksane får då på seg så mange lus at dei misser livet. Det er ein del diskusjon om kor alvorleg dette er for vill-laks-stammen, men det statlege Mattilsynet ser alvorleg på denne utviklinga.

Svært alvorleg

Leiar for Mattilsynet i Midt-Rogaland, Hallgeir Herikstad, ser svært alvorleg på utviklinga.

- Når 44 prosent av alle oppdrettsanlegg i Ryfylkefjordane har for mykje lakselus, så er dette ille, seier han.

- Og at denne utviklinga verkeleg har skote fart det siste året, er også svært urovekkande, seier Herikstad.

Motstandsdyktighet

Eit anna alvorleg utviklingstrekk er i eitt oppdrettsanlegg har lakselusa utvikla restistens mot lusemiddelet. Det anlegget blir nå slakta ned. Men i heile 17 andre anlegg (av tilsaman 25) så viser lakselusa ein tendens mot å bli resistent.

Tiltak

Mattilsynet i Rogaland har ingen klare planar om å setje i verk konkrete tiltak. Men dei har skjerpa tilsynspraksisen med oppdrettsanlegga, og det KAN bety mange ting. Deriblant krav om betre rapportering om lakselusmengden i anlegga. Mattilsynet minner også om at dei kan kreve at det skal vera mindre fisk i merdene og tvangsslakting og/eller destruksjon av oppdrettsfisk, dersom ikkje næringa klarer å redusera talet på lakselus i oppdrettsanlegget.