Hopp til innhold

Lærarane streikar – men berre på Karmøy

Fem lærarar ved Eide skule på Karmøy er tekne ut i streik frå i dag. Streiken er eit resultat av at det ikkje blei einigheit mellom Skolenes landsforbund og KS om ei ny tariffavtale.

Fem lærarar ved Eide skule på Karmøy er tekne ut i streik frå i dag. Streiken er eit resultat av at det ikkje blei einigheit mellom Skolenes landsforbund og KS om ei ny tariffavtale.

VIDEO: Fem lærarar i heile landet er tekne ut i streik, alle ved Eide skule på Karmøy.

I sola utanfor Eide skule på Karmøy sitt fem lærarar med streikevestar. Inne er klasseromma tomme, der lærarane skulle hatt undervisning.

20 prosent av undervisninga på skulen blir råka av streiken som starta i dag.

– Me streikar fordi me meiner den avtalen som KS føreslår er dårlegare enn den me har i dag, seier Anne Helle, leiar for Skolenes landsforbund på Karmøy.

Kritisk til arbeidstidsavtalen

Fleire lærarar over heile landet har reagert kraftig på forslaget til ny arbeidsavtale, men førebels er det berre desse fem frå Skolenes landsforbund som er tekne ut i streik.

Anne Helle

STOR STREIKEVILJE: Me streikar fordi avtalen er for dårleg, fortel Anne Helle, leiar for Skolenes landsforbund på Karmøy.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det er fleire årsaker til at ho meiner avtalen er dårlegare.

– Den er dårlegare fordi kompetanselønnssystemet blir svekka, det blir binding på skulen, og seniortiltaka blir dårlegare. Det er ikkje så lett å stå i jobb til du er seksti og vel så det, når forholda blir dårlegare, seier Helle.

Og sjølv om dei berre er fem, meiner ho likevel at det kan ha ein effekt.

– Dette er ei markering. Me startar slik. Det nærmar seg ferie, og me ser ikkje poenget i å ta ut den store breidda no. Men det blir nok ei opptrapping etter ferien, seier Helle.

Sa nei til skissa

Fleirtalet av forbunda i LO Kommune valde å anbefale sine medlem å godta skissa til ny avtale, men Skolenes landsforbund sa nei. Hovudårsaka til at Skolenes landsforbund sa nei er tilbodet om ny arbeidstidsavtale for lærarane.

I den nye avtalen står det at lærarane må vera på skulen 7,5 time kvar dag, i dag har lærarane i større grad moglegheit til å styre si eiga arbeidstid. Forbundet er motstandar av at arbeidstida til lærarane blir meir bindande.

Ifølgje hovudavtalen har alle forbunda fredsplikt fram til 10. juni. Men frå og med i dag er altså Skolenes landsforbund i konflikt. Det betyr, i tillegg til streik, at ingen av medlemma i forbundet går i møter med sin arbeidsgjevar som tillitsvalde for organisasjonen.

Vanlegvis blir om lag ti prosent av medlemma tekne ut i første fase av streiken. Men grunna sommarferien nøyer forbundet seg med dei fem, for å unngå å øydelegge for seg sjølv.

Men forbundet vurderar fortløpande om dei likevel skal trappe opp streiken.

Stor streikevilje

På Eide skule er streikeviljen stor, trass i at det nærmar seg sommarferie.

– Streikeviljen er heilt flott, me er heilt superklare, seier Helle.

Hovudtillitsvald i Skolenes landsforbund på Karmøy, Geir Allan Stava, håpar streiken kan inspirere andre.

– Eg håpar etter kvart at det er fleire organisasjonar som blir med oss på dette, slik at me kan klare å sette ein stoppar for dette og kanskje klare å berge norsk skule ifrå total fortaping, seier Stava.

Flere nyheter fra Rogaland