Hopp til innhold

KrF i Rogaland opnar døra for Frp

Kristeleg folkeparti sine medlem i Rogaland har talt. Dei opnar gjerne opp døra opp for Framstegspartiet, dersom det kan fella den raudgrøne regjeringa.

Rogaland Krf åpner opp for samarbeid med FRP hvis det må til for regjeringsskifte.

VIDEO: Leiar i Rogaland KrF, Olaug Bollestad, seier det viktigaste for partiet er å få inn ei ny regjering.

Knut Arild Hareide

Hareide har blitt råda av si komande kone å ikkje snakka nedlatande om Frp.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Fylkeslaget til KrF i Rogaland har spurt sine medlem om kven dei helst vil samarbeida med i samanheng med stortingsvalet neste haust.

Og meininga er heilt klar, KrF samarbeider gjerne med Frp, fortel fylkesleiar Olaug Bollestad under presentasjonen av resultatet i dag:

– Det har ikkje vore vanleg før, men eg er ikkje overraska. Det som har vore viktig for grunnfjellet i Rogaland KrF, er at me vil ha ei ny regjering.

Omstridd spørsmål

Spørsmålet om kor vidt KrF skal samarbeida med Frp eller ikkje, har lenge vore eit omstridd spørsmål.

Seinast førre veke skreiv TV2.no at Lisa Maria Larsen, som giftar seg med partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, i morgon, har råda sin komande mann å vera open for det liberale partiet.

Tidlegare leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, si linje var at ein ikkje skulle samarbeida med ytterpunkta i norsk politikk.

– Me har mista verdifulle ting

Svein Tuastad

Statsvitar Svein Tuastad meiner det er lurt av KrF å opna for Frp.

Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS

Når det nå kjem klar tale frå Rogaland sine medlem, meiner Bollestad at det ikkje er utan grunn.

– I perioden som nå har vore, med raudgrøn regjering, føler me at me har mista mange ting, som har vore viktige for oss i KrF.

– Så de er klare til å setja dykk ned med Framstegspartiet?

– Me skal setja oss til bords med Frp, men om me kunne velja frå øvste hylle ville me aller helst arbeidd saman med Høgre, Venstre og Senterpartiet. Me vil likevel ikkje utelukka noko, for det viktigaste er at me får ei ny borgarleg regjering.

– Når folk stemmer KrF skal dei vita at dei stemmer på eit alternativ til den sitjande regjeringa. Når valresultatet er klart skal me setja oss til bordet, dersom me får gjennomslag for gode saker skal me bli med i regjering. Viss ikkje blir me ikkje med, seier Bollestad vidare.

– Lurt av Krf

Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, meiner at det er eit klokt valstrategisk steg av KrF å ta.

– Det er ein spesiell situasjon, men det er lurt fordi veljarane stort sett vil vera opptekne av regjeringsspørsmålet under valet 2013.

– Mange av dei ikkje-sosialistiske veljarane vil ha eit skifte. Dermed er det viktig for dei ikkje-sosialistiske partia og ikkje bli sitjande att med svarte-per, og få på seg at det var dei som var årsaka til at det ikkje blei regjeringsbytte, seier statsvitaren.

Han seier det største problemet for KrF vil bli når Frp køyrer hard markeringspolitikk i til dømes spørsmålet om innvandrarar.

– At dei indirekte må stå til ansvar for dette vil vera vanskeleg for alle moderate sentrumsparti. Men likevel er det nok viktigare å markera at ein vil ha eit regjeringsskifte.