Hopp til innhold

Krev milliardar til Sør- og Vestlandet for å redusere straumprisen

Straumprisen på Sør-Vestlandet har det siste året i gjennomsnitt vore 15 prosent høgare enn i resten av landet. Det seier direktør i Næringsforeninga i Stavanger-regionen, Harald Minge. I dag reiser næringslivet og ordførarar frå Sør- og Vestlandet til Oslo for å foreslå ei løysing. Når straum blir overført mellom straumsoner oppstår det årleg milliardinntekter. Desse pengane bør gå til innbyggjarane på Sør- og Vestlandet, seier Minge.

Harald Minge foran Stortinget
Foto: Martin Torstveit / NRK