Hopp til innhold

Tok Barcelona med storm

Pål Varhaug, frå Rogaland, tok historisk resarsiger. På tribunen satt alle teamsjefane i Formel 1 og såg på.

Pål Varhaug i aksjon i GP3

Rogalendingen Pål Varhaug starta som nummer 2 i tidenes første GP3 løp.

Foto: Alastair Staley/LAT

Den unge mannen som har mål om å bli verdas beste Formel 1-køyrar, tok sitt første skritt laurdag.

Framføre alle Formel 1 laga imponerte rogalendingen, og vann.

– Denne sigeren vil garantert bli lagd merke til, sa ein særs nøgd Pål Varhaug etter løpet.

Sjå TV-innslag med Pål Varhaug:

Ny liga

Det var i GP3 ligaen, som er to hakk under Formel 1, rogalendingen i dag vann.

Ligaen er heilt ny, og har som mål å vidareutvikla unge rasersjåførar slik at dei kan gå vidare til neste nivå, som er GP2.

Med i ligaen er verdas største resartalent.

Les fleire saker om Norges store resartalent.

Pål Varhaug

Norges håp i Formel 1, Pål Varhaug.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Første Formel 1 sjåføren

Pål Varhaug vil bli Norge sin første Formel 1-sjåfør, og dette var utvilsamt eitt steg i riktig retning.

– Eg fattar det ikkje. Eg kan ikkje tru det er mogleg, seier Varhaug.

Tok leiinga frå start

Allereie i kvalifiseringsrunden imponerte Varhaug med å koma på 2. plass. Difor starta han som nummer to, i hovudløpet.

Nordmannen tok leiinga frå starten, og leia heilt inn til mål.

– Eg kjende meg ikkje særlig pressa heller, seier Varhaug.

I morgon er det nytt løp, då startar Varhaug som nummer åtte.