Hopp til innhold

Traktor og moped kolliderte på Hognestad

To gutar er skadd etter at ein traktor og ein moped kolliderte på Hognestad på Jæren. Føraren av traktoren var berre 15 år.

Traktor og moped kolliderte

ULUKKE: To gutar er sende til sjukehuset etter ei ulukke mellom ein traktor og ein moped på Hognestad på Jæren.

Foto: Magnar Larsen

Litt før klokka sju fekk AMK melding om ein kollisjon mellom ein traktor og ein moped på Hognestad. Alle naudetatar rykka ut til staden.

To gutar på 15 og 17 år sat på mopeden. Dei vart begge sende til Stavanger universitetssjukehus i ambulanse. Dei var medvitne då dei vart sende til sjukehuset, men skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

Føraren av traktoren var berre 15 år. Han blir no anmeld for køyring utan gyldig førarkort.

Politiet kan førebels ikkje seia noko meir om detaljane rundt ulukka.

– Politiet har gjort undersøkingar på staden, og saka blir no overført til Time lensmannskontor. Dei vil etterforske saka vidare, fortel operasjonsleiar Victor Jensen.

Traktor og moped kolliderte på Hognestad
Foto: Magnar Larsen