Hopp til innhold

Karmøy får ordførar frå Høgre

Leiv Arne Marhaug frå partiet Høgre blir ny ordførar i Karmøy. I går kveld blei partia Høgre, Venstre, KrF, Sp, Ap og SV einige om ei fleirtalsplattform, etter fire veker med forhandlingar. Fleirtalet står og fell med berre ein representant, men Leiv Arne Marhaug reknar med at det skal vera nok og at fleirtalskoalisjonen skal klare å stå saman og styre Karmøy på ein god måte. May Synnøve Rygh frå KrF er innstilt som varaordførar.

Leiv Arne Marhaug
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK