Hopp til innhold

Her løftar ho 225 kilo

Hildeborg Juvet Hugdal (30) frå Sauda sette i dag ny verdsrekord i benkpress under EM i Sofia i Bulgaria.

Hildeborg Juvet Hugdal
Foto: Morten Novum

– Nå er eg veldig glad, sjølv om eg hadde håpa på å løfta litt meir samanlagt, seier Hildeborg Juvet Hugdal frå ei dårleg telefonlinje frå Bulgaria. I ettermiddag står ho øvst på sigerspallen etter ho løfta heile 225 kilo i benkpress, og dermed sett ny verdsrekord.

Utanom gullet i benkpress, var ho også den som løfta mest i knebøy. I markløft fekk ho bronse, men det heldt til at ho tok det gjeve samanlagtgullet.

Vil ha 700 samanlagt

– Eg er svært glad for at eg har kome så sterkt tilbake etter fødselen for tre år sidan, eg har aldri vore sterkare enn nå, seier Hugdal.

Men likevel har ho ikkje nådd målsetjinga si.

I dag løfta Hugdal totalt 683 kilo samanlagt i alle dei tre øvingane, men håpet hennar er at ho ein dag skal klara 700 kilo samanlagt i eit meisterskap.

– Det er små margin når ein er oppe på eit slikt nivå, men om alt klaffar kan eg klara det, seier ho.

Klar for NM

Juvet Hugdal løftar i den tyngste klassen (84+). Samanlagtsølvet gjekk til Ukraina, medan bronsen gjekk til Nederland.

Med tre gull og ein bronse i lomma reiser ho nå tilbake til Norge, der det er duka for NM i styrkeløft i slutten av mai.