Hopp til innhold

– Samarbeid mellom kommunar trugar lokaldemokratiet

Kommunar i Norge samarbeidar meir og meir. –Dette vitnar om at kommunestyra mistar makt og at ordførarar ikkje meistrar å driva kommunane, seier høgreleiar Erna Solberg.

Erna Solberg

Høgreleiar Erna Solberg får støtte hjå KS når ho seier at samarbeid mellom kommunar trugar demokratiet.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Elfin Lea

Ordførar i Klepp Elfin Lea (H) er med i 40 ulike interkommunale samarbeid.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Fleire kommunar i landet samarbeider, med eit mål om å unngå kommunesamanslåing. Men KS meiner at stadig meir samarbeid over kommunegrensene kan gje innbyggjarane dårlegare innflytelse enn dei kunne fått i ein større kommune.

– Eg skal ikkje leggja skjul på at det er betre å samarbeida og få gode løysingar, enn å ta fatt i det som har med kjenslene å gjera, altså samanslåing, seier ordførar i Klepp kommune på Jæren, Elfin Lea.

Klepp kommune er medeigar eller deltakar i 40 ulike interkommunale samarbeid.

Dette er noko partikollega Erna Solberg meiner rokkar med prinsippet om lokaldemokrati.

Får støtte hjå KS

– Når eg treff ordførarar som seier at dei sit i 44 og 50 interkommunale samarbeid, skjønar dei fleste at det må bli gjort noko med kommunestrukturen, seier høgreleiaren til NRK.no.

Ho får støtte hjå kommunane sin interesseorganisasjon KS, som stadfestar at interkommunale samarbeid er ein aukande tendens.

– Det er ikkje tvil om at demokratiet er utsett. Eg trur kvar innbyggjar skal tenka over om stemmen deira får full påverknad for dei oppgåvene kommunen skal syta for, seier direktør i KS May-Britt Nordland.

Utvatning av stemmar

Ordføraren i Klepp er klar over problematikken, men ser ikkje på nokre av samarbeida dei har som eit demokratiproblem.

Samarbeid Klepp kommune er med i strekk seg frå medeigarskap i selskap for vatn, brannvesen, bompengar og friluftsliv til mindre samarbeid med ein eller fleire nabokommunar.

KS meiner likevel at når kommunane samarbeider om oppgåver, kan kvar enkelt sin stemme bli utvatna.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.