Over 100 tusen gardsbruk er lagt ned her i landet sidan 1970, men på Karmøy trosser Tor Sven Utvik denne statistikken og startar opp att familiegarden. Det har han drøymt om heilt sidan han var liten.
– Det er kjekt å få litt liv her. For sju år sidan selde far min dei siste stutane, og etter det har det vore drift av jorda, men ikkje noko liv på den same måten, seier Utvik.
For han er det nemleg viktig med dyr på garden, og han strekk seg langt for at dei skal ha det godt. Salmesong for kyrne har blitt vanleg på morgon- og kveldsstellet.
– Eg trur det gjer kyrne blir rolegare av det, seier han med eit glimt i auga.