Hopp til innhold

Slutter med anonym retting

Trynefaktor er ikkje avgjerande når læraren set karakterar, viser evaluering.

Heldagsprøve i engelsk

FORSØKSORDNING STOPPA: Prøveprosjektet med anonym prøveretting blir avslutta for godt.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Seksjonssjef i Opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Randi Hummervoll

Randi Hummervoll, seksjonssjef i administrasjonen i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Evalueringa viser at karakterane stort sett er dei same om læraren kjenner eleven eller ikkje.

– Dei rapportane me har fått frå skulane og dei undersøkingane me har gjort, viser at det ikkje er noko systematisk forskjell om rettinga er anonym eller ei. Dermed heller ikkje systematisk forskjell når det gjeld såkalla trynefaktor, seier Randi Hummervoll, seksjonssjef i administrasjonen i Rogaland fylkeskommune.

I utgreiinga til Fylkeskommunen står det blant anna at «I den grad det er avvik, så tenderer disse til å gå i disfavør av elevene» og «Lærerne melder om forskjeller som stort sett kan forklares på samme måte som når ordinære besvarelser blir vurdert».

Men det står også at «Det er ikke funnet noen systematiske forskjeller i vurderingsresultat, men mange lærere sier at de erfarer at de blir strengere i vurderingen når de ikke kjenner eleven bak besvarelsen».

– Blir oppfatta som mistillit

Det er få debattar som har vore like oppheta som nettopp den om trynefaktor og karaktersetting i den vidaregåande skulen i Rogaland. For to og eit halvt år sidan, då prøveordninga vart innført , var skepsisen blant lærarane stor:

– Tilliten vil kunne bli skadelidande når politikarane seier at «me stoler ikkje på at den personen, som har ansvar for å setja karakter på deg og fortelja deg kva du kan bli betre i eit fag, veit kva han held på med», sa spansklærar Ingeborg Tysse ved Stavanger katedralskole den gong.

Og ho fekk følgje av leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland den gongen, Anita Olufsen:

– Heile saka handlar om anonym retting oppfattast som mistillit, sa ho.

– Ryk på neste møte

Dette har handla om trynetillegg. Elevorganisasjonane meinte at nokre elevar gjorde så godt inntrykk hos læraren sin, at dei fekk betre karakterar enn andre, sjølv om dei ikkje presterte betre på prøvane.

Jan Gunnar Mattingsdal

Jan Gunnar Mattingsdal i KrF.

Foto: KrF

Fleirtalet i fylkeskommunen, med Høgre og Frp i spissen, omfamna denne ideen og vedtok eit forsøk med at ein del av prøvane skulle rettast av ein lærar som ikkje kjenner eleven.

På opplæringsutval-møtet i dag ser det ut som dette forsøket blir lagt til sides for godt, og skjer ikkje det, så blir det i alle fall lagt ned på neste møte, leiar av opplæringsutvalet, Jan Gunnar Mattingsdal i KrF:

– Etter valet er det eit tydeleg fleirtal for at dette er ei ordning som me ikkje skal ha vidare. På det første møtet til det nye fleirtalet vil det vera mogleg å ta vekk ordninga, seier han.