Halvparten av bustadbyggelaget i Stavanger-regionen, Bate, sine 50.000 medlemmer har fått tilsendt informasjon om førjulskampanjen via nyheitsbrev på e-post eller SMS.
Her blir det reklamert med dobbel bonus på julegåver i fleire butikkar i heile desember, dersom du handlar med kredittkortet dei har tilbydd sine kundar sidan april i år.
Jorge Jensen i Forbrukarrådet.
Foto: Forbrukerrådet– Dette føyer seg inn i rekka av aggressiv marknadsføring av kredittkort og kredittgjeld, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen.
LES OGSÅ:
Fare for gjeldstynga samfunn
Han seier kampanjen er problematisk av to grunnar.
– Det eine går på at folk som eigentleg ikkje skal ta opp gjeld, endar med å gjera det. Då er det fare for at samfunnet blir for gjeldstynga. Det andre går på at betalingssystema kredittkorta brukar er vesentleg dyrare enn andre kort knytt til bankaxept-systemet.
Jensen poengterer likevel at Bate opplyser om rentene (sjå bilde) dersom du ikkje betaler i tide, slik lova krev, og at kredittkort for forbrukarar flest ikkje er noko problem.
– Dette er kanskje ikkje det ein ventar av bustadbyggelaget, men så er det veldig mange andre som også gjer dette. Det er me skeptiske til. Det ser ut som at alle kan selja kreditt.
Tar sjølvkritikk
Bate seier dei tar sjølvkritikk på at kampanjen var uheldig nå før jul og at dei kjem til å gå gjennom rutinane for produktet sitt.
– Men å ha eit kredittkort som eit tilbod til våre medlemmer er heilt vanleg. Me vil gjera det enkelt for kundane våre å handla. I dag skjer mykje av handelen på nett, og då er det enklare og tryggare å betala med kredittkort, seier kommunikasjonssjef i Bate, Cecilie Wathne.
Wathne legg til at julebonusen er ein del av ein nasjonal kampanje og at berre 100 av 50.000 medlemmer har kredittkort frå Bate.
Reid Krohn-Pettersen i Norsk Familieøkonomi.
Foto: Elisabeth TønnesenLES OGSÅ:
– Ikkje ta jula på kreditt
Sjeføkonom Reid Krohn-Pettersen i Norsk Familieøkonomi oppfordrar til smart bruk av kredittkort under julehandelen.
– Dersom du handlar på nett må du bruka kredittkortet. Det er mykje tryggare. Bruk kredittkort også dersom du er i utlandet og handlar julegåver. Følg med på budsjettet ditt og legg ein plan for nedbetalinga, seier han.
Men Forbrukarrådet og Jorge Jensen har eit litt anna syn på julehandel på kreditt.
– Primært meiner me at ein skal spara til forbruk. Ikkje ta jula på kreditt. Med denne typen marknadsføring, blir alle oppfordra til å gjera det. Betal heller med det vanlege bankkortet ditt. Det vil vera ein fordel for alle på sikt.