Hopp til innhold

Aldersgrense hindrar eldre flyktningar som vil ut i jobb

Symjelæraren Galyna (62) frå Ukraina har ikkje krav på opplæringa som skal få flyktningar raskt ut i arbeid. – Aldersdiskriminering, meiner Raudt-politikar.

Den ukrainske svømmelæreren og flyktningen Galyna Globa i svømmebassenget Gamlingen i Stavanger.

Galyna Globa frå Slovensk i Ukraina er universitetslektor og har undervist studentar som skal bli symjelærarar.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Sidan krigen braut ut i 2022 og til og med mars i år har 5924 ukrainarar som er eldre enn 55 år søkt om kollektivt vern i Noreg, følgje UDI.

Mange har høg utdanning, god helse og vil raskast mogleg ut i jobb, men dei har ikkje same rett til opplæring som dei unge.

Ei som reagerer er Galyna Globa i Stavanger.

Den 62 år gamle symjelæraren har undervist lærarstudentar ved universitetet i byen Slovensk i Donbas-regionen.

Anna Kilmartin er ukrainer bosatt i Norge siden 2006. Jobber nå som spesialpedagog i Stavanger.

Anna Kilmartin er Galynas dotter. Ho har budd i Noreg sidan 2006 og jobbar som spesialpedagog.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Då krigen braut ut, flykta ho til Noreg, der dottera budde frå før.

– For første gong i livet sit mor mi på rekninga til staten utan å gjere noko. Ho har mykje krefter, kunnskap og erfaring og ønskjer å bidra. No kjenner ho på skuld, seier dottera Anna Kilmartin.

Ho omset det mora seier til NRK.

– Vi har kontakta kommune, sjukehus, symjeklubbar. Kan ho hjelpe ukrainske barn? Er det ukrainske soldatar her som treng rehabilitering?

Den ukrainske flyktningen Galyna Globa sammen med barnebarnet Sophia Kilmartin i svømmebassenget på Gamlingen I Stavanger.

Galyna Globa og barnebarnet Sophia.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Så langt har dei ikkje fått napp.

– Det hadde vore nyttig med ein kva som helst arbeidspraksis. Eg treng ikkje lønn nødvendigvis. Som norsklæraren seier – vi må ut og praktisere. Snakke med folk, seier Galyna.

Får ikkje intro-program

62-åringen får norskundervisning tre dagar i veka.

Men det tek tid å lære eit nytt språk, og det blir ikkje lettare med alderen.

– Problemet er at eg ikkje kjem inn på introprogrammet, der eg kan få praksisplass, seier Galyna.

Den ukrainske flyktningen og svømmelæreren Galyna Globa driver svømmetrening med barnebarnet Sophia Kilmartin i bassenget på Gamlingen i Stavanger.

Galyna Globa har lært barnebarnet Sophia å bli ein racer i symjing. Her er dei i bassenget på Gamlingen i Stavanger.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Programmet blei innført i 2004.

Deltakarane får mellom anna opplæring i norsk og samfunnsfag og hjelp til å komme i arbeid og utdanning. Dei som har kompetanse det er bruk for, kan få praksis med språkopplæring på ein arbeidsplass.

Men berre dei mellom 18 og 55 år har automatisk rett til å delta.

– Fleire reagerer på aldersgrensa. Noreg har pensjonsalder på 67 år. Då bør også introprogrammet gjelde like lenge, seier leiar i Ukrainsk foreining i Rogaland, Olena Hebler.

Olena Hebler

Olena Hebler er leiar for Ukrainsk foreining i Rogaland.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Aldersdiskriminering, meiner Raudt

Også Raudt reagerer på aldersgrensa.

Sidan januar 2022 og fram til mars i år har totalt 6233 personar over 55 år søkt om vern i Noreg.

– Vi vil at folk skal jobbe i Noreg, og då må vi hjelpe dei til det. Dette verkar som ein hovudlaus regel, seier Mímir Kristjánsson frå Raudt, som sit arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Mimir Kristjansson

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson vil heve aldersgrensa for å få delta i introprogrammet.

Foto: Rødt

Eit utval har foreslått å heve pensjonsalderen i Noreg. Også aldersgrensa i introprogrammet bør hevast, meiner han.

– Det er aldersdiskriminering når ein ikkje vil hjelpe folk over 55. I det moderne arbeidslivet er det jo forventa no av mange at ein skal jobbe til ein er 70, seier Kristjánsson.

Handlar om kapasitet

Men ifølgje regjeringa er det ikkje aktuelt å endre aldersgrensa.

– Grunnen til at den øvre grensa er sett til 55 år er kapasitetsutfordringar i kommunane, men dei har høve til å tilby kurset. Det ligg også ei plikt i introprogrammet, og for nokon som er over 55 kan det vere krevjande å delta, seier statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Samra Akhtar (Ap).

Samra Akhtar (Ap) er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Samra Akhtar (Ap) er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Stavanger kommune har meir enn 1150 flyktningar under oppfølging. Av dei er om lag 500 med i introprogrammet.

– Vi har ingen praksis med å gjere unntak. Volumet er veldig stort, og det er også eit politisk spørsmål, seier Tor Arne Hartvigsen, verksemdsleiar i flyktningtenesta i Stavanger.

Tor Arne Hartvigsen, virksomhetsleder i flyktningtjenesten i Stavanger kommune.

Tor Arne Hartvigsen leier flyktningtenesta i Stavanger kommune.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

At det vil koste å utvide tilbodet er ikkje eit godt argument, meiner Kristjánsson.

– Det blir å snu det på hovudet. Er du 55 år, har du tolv år igjen i arbeidslivet. Skal velferdsstaten betale stønad for heile perioden i staden for at dei skal bidra og betale skatt, så blir det dyrt.

Les også Iryna (30) flykta frå Ukraina i haust: No skal ho halde 17. mai-tale på norsk

Iryna Krochuk