Hopp til innhold

På skulen tar dei sal og service, men dei vil ikkje snakke i telefonen

Ferske tal viser at unge snakkar mykje mindre i telefonen enn vaksne. Dina, Nikolas og Emily synest det er lettare å seie ting på Snapchat.

Dina Tomine Stangeland Osberg tar en selfie med tunga ut. Nikolas Skår kikker ned i mobilen som han holder i hånda. Emily Surdal har også mobilen i hånda, men smiler sammen med Dina på selfien.

Dina Tomine Stangeland Osberg, Nikolas Skår og Emily Surdal bruker timevis på mobilen. Men dei bruker den sjeldan til å ringe.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg er ikkje vand til det. Eg tek det over meldingar eller på snap.

Det seier Dina Tomine Stangeland Osberg. Ho er som unge flest, og liker ikkje å snakke i telefonen.

Når telefonen hennar ringer, vil ho ikkje svare.

Mathias ringer en iPhone

Fleire unge synest det er kleint å prate i telefonen.

Foto: Illustrasjon / NRK

– Det er stress, fordi du må vite kva du skal seie med ein gong. På snap kan eg tenke meg om kva eg vil svare.

Heller ikkje klassekameraten hennar på sal- og servicelinja på Godalen vidaregåande, Nikolas Skår, vil ta telefonen når den ringer.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie på mobilen. Det er mykje lettare å seie ting på snap.

Ungdom på mobilen

Dina Tomine Stangeland Osberg, Nikolas Skår og Emily Surdal tekstar framfor å ringe.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Utenkjeleg å ringje ein venn

Elevane NRK møter på den vidaregåande skulen i Stavanger bruker timevis på mobilen, men vil helst ikkje ringe.

Om Dina må ringe banken eller tannlegen, så gjer ho det.

– Men det er litt kleint. Når eg kan sende meldingar kan eg tenke meg om før eg seier noko.

Telia har 2,4 millionar kundar og leverer med det telefoni-tenester til halvparten av befolkninga i Noreg.

Dei har ferske tal som viser at dei unge snakkar mykje mindre i telefonen enn dei vaksne, fortel informasjonssjef i Telia, Daniel Barhom.

– Innsikta vår viser at det for mange kan vere utenkeleg å ta opp telefonen for å ringe ein venn.

Vaksne snakkar over tre gonger så lenge i telefonen

Tala viser at medan ein tenåring bruker snaue fire minutt på telefonprat i døgnet, pratar ein 40-åring over tre gonger så lenge i telefonen.

– For dei unge er det meir naturleg og raskare å chatte, sende bilete eller korte videoar gjennom Snapchat for å kommunisere med kvarandre, seier Barhom.

Emily Surdal fortel at om ho blir ringd opp av nokon ho ikkje kjenner, søker ho på nummeret før ho eventuelt tek den.

– Eg pleier å søke opp nummeret på Vipps om eg ikkje veit kven dei er. Om nokon eg kjenner ringer, sender eg melding og spør kva det er. Eller så tek eg den og tek ein kort samtale.

Emily Surdal snakker i mobilen.

Emily Surdal fortel at ho sjeldan snakkar i telefonen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Må trene på å våge å ta telefonen

Lærar ved Godalen, Anne Breivik, trur elevane vil oppleve dette som ei utfordring når dei skal ut i arbeidslivet.

– Når vi jobbar med munnleg kompetanse, må vi ned på det mest grunnleggande: det å våge å sjå kvarandre i auga, og å prate saman på ein heilt annan måte.

Emily Surdal seier ho ofte får kommentarar på telefon-etiketten frå mor si.

– Mamma seier eg snakkar frekt i telefonen, sidan eg er så kort i svara mine.

Lærar Breivik seier lærarane utfordrar elevane til å våge å ringe.

– Vi jobbar med å få dei ut i arbeid, og då må dei dyttast til å våge å ringe framtidige arbeidsgivarar. Eg trur dei ringer veldig lite gjennom heile ungdomstida.

Dina Tomine Stangeland Osberg seier ho skal øve før ho skal ut i arbeidslivet.

– Eg blir sikkert betre på det når eg får pengar for det. Men eg får jo ikkje betalt for å ta telefonen når venner ringer no.

– Men reagerer du noko på korleis dei vaksne snakkar i telefonen? Er dei rare?

Ja, dei spør mykje om dritkjedelege ting. Det er vanskeleg å legge på, fordi dei spør om nye ting heile tida. Då må eg snakke evig. Eg vil heller snakke fort og bli ferdig. Eg trur heller ikkje dei spør fordi dei lurer, eg trur det berre er for å spørje, svarer Dina.

Sjølv om elevane på sal- og servicelinja blir lærte opp til å kunne prate i telefonen, trur Barhom i Telia at telefonsamtalane vil bli kortare i tida som kjem.

– Vi trur at denne trenden vil halde fram. Gjennom tala våre ser vi at mobildata veks og veks, og at ulike sosiale medium-appar er svært populære.

Dina Tomine Stangeland Osberg prater med lærer Anne Breivik snakker i klasserommet.

Lærar Anne Breivik fortel at dei må utfordre elevane på Godalen til å våge å ta telefonen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland