Hopp til innhold

Flate Jæren får hoppbakke

Fire år etter Thomas Garborg skreiv brev til ordføraren er endeleg hoppbakken på Undheim på plass. Nå må kanskje hoppverda sjå opp for nye talent frå Jæren.

Tre år etter Thomas Garborg skreiv brev til ordføraren er endeleg hoppbakken på Undheim på plass. Nå må hoppverda sjå opp for nye talent frå Jæren.

►SJÅ TV-SAK: Her er ovarennet til den nye hoppbakken på Undheim klart.

– Det var ein gammal bakke her før, men då den morkna, reiv dei han. Så fekk me idrettshall, og då sa ordføraren at det neste me skulle få, var hoppbakke, fortel Thomas Garborg.

Men bakken lét venta på seg, og for fire år sidan skreiv Thomas, som då var ni år gammal, eit brev til ordføraren for å minna han på lovnaden.

Og nå er endeleg draumen om å få tilbake eit hoppmiljø i bygda i ferd med å bli oppfylt.

Fredag blei nemleg ovarennet til ein heilt ny K8 heilårsbakke heist på plass på same stad som det blei hoppa på ski på 60- og 70-talet, like ved skulen på Undheim på Jæren.

Thomas, no 13 år gammal, fekk ta seg fri frå engelsktentamen for å få med seg storhendinga saman med heile Undheim skule.

– Det var jo på tide, for me har venta lenge, seier han, medan han følger spent med på at første delen av bakken skal koma på plass.

Arkiv frå 1. desember 2011:

En skihopp-bakke på flate Jæren kan stå klar allerede til høsten, ble det sagt i 2014. Time kommune tok utfordringen, etter at ordføreren fikk et brev fra en niåring.

ARKIV: Thomas Garborg skreiv brev til ordføraren i 2011 om å få hoppbakke.


Heile Undheim skule med rektor Tordis Sandvik i spissen følgde spent med då ovarennet til heilårsbakken blei heist på plass centimeter for centimeter fredag føremiddag.

Heilårsbakke

– Dette er ein historisk dag for oss på Undheim, når me får hoppbakke på flate Jæren, seier ho.

Det er ikkje alltid så mykje snø på flate Jæren, så bakken på Undheim blir ein heilårsbakke.

– Nå blir det hopprenn heile året, så me reknar med at om nokre år så få me ein hoppar i nasjonal klasse frå Undheim, seier Sandvik, før Thomas Garborg som første mann får setja føtene på hoppkanten.

Ny hoppbakke på Undheim

Thomas Garborg har venta i fire år på hoppbakken i heimbygda. Fredag fekk han sjå første delen av bakken reisa seg.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK