Hopp til innhold

Finn spor frå 8000 år gamle kvitsøybuar

Planlegginga av vegprosjektet Rogfast har sett arkeologar i full sving med å reinska traseen for steinalder-skattar.

Sigrid Alræk Dugstad og Grethe Pedersen

Sigrid Alræk Dugstad (t.v.) og Grethe Pedersen er i full gang med å grava ut for Arkeologisk museum på Kvitsøy.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Flint

Dette er ein flintkjerne som er om lag 8000 år gamal. Den er eit prov på at nokon har laga reiskap på Kvitsøy for lenge sidan.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Den beste tida å grava i jorda på er om sommaren, derfor er det dei færraste arkeologane som ligg på latsida nå om dagen. Sigrid Alræk Dugstad (t.v.) og Grethe Pedersen har Kvitsøy som arbeidsstad i sommar.

– I samanheng med Rogfast har Fylkeskommunen teke prøvestikk langs traseen. Her har dei funne restar etter flint, noko som kan tyda på at det har vore ein steinalderbustad her, seier Pedersen.

Har funne spor

Og sjølv om dei ikkje har gjort dei heilt store funna endå, er dei sikre i trua på at det har vore folk her. Så langt tilbake som tidleg steinalder.

– Me håper å finna ein bustad som er om lag 8000 år før Kristus. Nett nå leiter me ein og ein halv meter under dagens markoverflate, seier Alræk Dugstad.

Så langt har dei ikkje funne så gamle spor, men ein flintkjerne er prov på at det har vore folk her for lenge sidan.

– Denne er truleg ein stad mellom 6000 og 8400 år gamal. Det er ein knoll av flint som dei slo tynne lange avslag av, som dei kunne lage piler og spissar av. Det som er moro med denne er at den er så liten. Så her har dei utnytta råstoffet heilt maksimalt, fortel ho vidare.

Arkeologar i full sving på Kvitsøy

Her er darkeologane i gang på Kvitsøy.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Ferdige i oktober

I august tek arkeologane sikte på å visa fram funna sine, og for dei som er urolege for om dette vil kunne forseinka Rogfast er svaret klart.

– Nei, me gjer oss ferdige her i år og held seinast på ut oktober, forklarer Pedersen.