Hopp til innhold

Fastbuande har køyrt gratis

Frå klokka 12 i dag er det gratis å køyre gjennom bomstasjonen i Rennfast. Men eit par fastbuande har alt køyrt gratis ei stund.

Bomstasjonen i Rennfast på Sokn
Foto: NRK

Reidar Haugsnes skuldar meir enn 20.000 i bompengar, for etter 15. mars, då Rennfast var nedbetalt, har han nekta å betale.

På bomstasjonen på Sokn betalte dei som køyrte forbi pliktoppfyllande nitti kroner i går kveld - eit halvt døgn før avslutninga.

Men for nokre har det vore slutt ei stund allereie. Reidar Haugsnes på Austre Åmøy har køyrt gjennom bommen utan å betale sidan Rennfast var nedbetalt 15. mars.

Vil ikkje betala for Finnast

Og det har han gjort klart for bomstasjonen. Etter 15.mars har nemleg bompengane gått til Finnfast, eit vedtak  ESA domstolen i Brussel går gjennom i desse dagar. Haugsnes meiner vedtaket var feil, og har sendt brev til eigaren av bomstasjonen om at han ikkje vil betala.

Har ikkje fått rekning

Sidan Haugsnes sendte brevet har han ikkje fått ein einaste rekning frå bomstasjonen. Sidan 15. mars er det snakk om utelatte betalingar på meir enn 20 000 kroner. Fredrik Wendt som er styreleiar i Tungenes ferjeterminal, fortel at dei ventar på ei juridisk vurdering.