Hopp til innhold

Bryr seg ikkje om bunadpolitiet

Oslo Fashion Week-aktuelle Rigmor Øvregaard har gjort bunad til mote. Designaren trassar bunadpolitiet, og meiner det er rom for leik, variasjon og mote i vår tids bunadstradisjon.

Video Bunader til Oslo Fashion Week

VIDEO: Rigmor Øvregaard frå Bunadhuset skal representera norsk motedesign med bunader under årets Oslo Fashion Week.

Rigmor Ovregård

For første gong skal Rigmor Øvregaard delta på Oslo Fashion Week.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Skal nokon koma bak deg i byen, dunka deg på skuldra, og sei at dette har du ikkje lov til å bruka, spør Rigmor Øvregaard retorisk.

For ho er ikkje bunaden eit heilag tradisjonsplagg, som ein ikkje kan tenka nytt med.

Nå skal kolleksjonen hennar for første gong ut på «cat-walken» under moteveka i Oslo, Oslo Fashion Week, neste veke.

Går til kjelda

For Øvregaard har nemleg gjort bunad til mote, og butikken hennar Bunadhuset blei kåra til fjorårets motebutikk i Stavanger.

– Eigentleg er jo bunaden forløparen til den moten som er i dag. Ein må jo prøva å utvikla seg og derfor få litt design og mote inn i bunaden, for det skal jo ikkje berre vera ei uniform, seier ho bestemt.

Bunadfashion
Foto: Arild Eskeland / NRK
Bunadfashion
Foto: Arild Eskeland / NRK
Bunadfashion

Her har Øvregaard kledd ei av prøvedokkene med silkesjal.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ho lar seg ikkje styra av bunadpolitiet, men har gått til de gamle kjeldene for å finna svaret på korleis bunaden blei til langt tilbake i tid. Favoritten er beltestakken frå Telemark.

Ingen like

– Du lagar aldri to like beltestakkar, og frå gamalt av var det også slik at det ikkje skulle vera to like skjorter. Og det skal det heller ikkje i dag.

Og nå har dei tusen variasjonane i beltestakken lurt seg inn i Rogalandsbunaden hennar.

– Det er den tanken eg tar med meg inn i Rogalandsbunaden. Og når eg har fordjupa meg i denne bunadstypen ser eg jo at det var eit større mangfald tidlegare.

Ho viser fram bunader av mange slag, bunader ho snart pakkar ned for å ta med til Oslo. Seks bunadar er klare for finalen under moteveka i Oslo, der ny design løftar gamle tradisjonar.

– Fryktar du bunadpolitiet?

– Eg bryr meg ikkje om at bunadpolitiet seier fy. For på mange måtar går eg jo tilbake i tid med bunadane mine.