Hopp til innhold

Dramatisk redningsaksjon i elv på Jæren

Brannvesenet jobba på spreng i to timar, før dei fekk opp ein hest som hadde falle ned i ei elv på Jæren.

en hest ligger i et vannhull ved Øksnevad landbruksskole i Klepp kommune

Redningsmannskap måtte festa stropper rundt magen på hesten.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Brannvesenet fekk ein hard tørn, då dei skulle prøve å redde hesten opp frå elva på Øksnevad i Klepp.

Meldinga om uhellet kom i 11-tida, laurdag føremiddag.

Noko av det første brannvesenet måtte gjera var å tilkalla ein veterinær som gav hesten roande medisin.

– Den var såpass krakilsk at det var nødvendig for å kunne hjelpa den opp av elva, seier vaktleiar Svein Nesse i Rogaland brann- og redning.

Brannvesenet jobba på spreng i to timar, før dei fekk opp ein hest som hadde falle ned i ei elv på Jæren.

Her klarer redningsmannskapet endeleg å få hesten på land.

Lang tid i kaldt vatn

Det var først etter om lag to timar, og eitt mislukka forsøk, at hesten kom opp på turt land igjen i 13-tida, laurdag.

Det skjedde etter at redningsmannskapa fekk festa stropper under magen og fekk hjelp av ein traktor til å trekke hesten opp.

Kvinna, som rei på hesten, er sett til av ambulansepersonell.

Ho fekk truleg eit spark av hesten, i samband med uhellet, opplyser vaktleiar Svein Nesse i Rogaland brann- og redning.

Hesten som falt i elv ved Øksnevad i Klepp kommune, ble berget opp etter to timer

Etter to timar i kaldt elvevatn kom hesten på land igjen.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog