Hopp til innhold

Beklagar hardkøyret i India-saka

Den indiske storavisa The Times of India beklagar hardkøyret mot Noreg og vedgår at kritikken i den omstridde barnevernssaka i Stavanger har vore grunnlaus.

Norway Nightmare - overskrift i indisk TV

India-saka har fått hard medfart i indisk presse. Her blir saka omtala med overskrifta 'Norway nightmare' i ein indisk tv-kanal.

Foto: Skjermdump frå NDTV

Noreg har nærmast vore eit skjellsord i India dei siste tre månadene, og indiske politikarar og medium har skulda norske styresmakter for alt frå rasisme til barnekidnapping.

Bakgrunnen for utfalla er ei barnevernssak i Stavanger, der eit indisk ektepar i mai i fjor blei fråteke dei to barna sine av barnevernet. Søskenparet, ei fem månader gammal jente og den tre år gamle bror hennar, blei plassert i ein tryggingsheim.

Les også: Barnevernet mener onkelen bør ta over omsorgen

Kontakta barnevernet

Indiske styresmakter engasjerte seg sterkt i saka, som fekk brei omtale i India og resulterte i ei rad utfall mot Noreg.

Denne veka vedgjekk likevel barnefaren i eit intervju med avisa The Hindu at det var han sjølv som hadde kontakta barnevernet.

The Times of India rosar no norske styresmakter for å ha halde hovudet klart og halde teieplikta i saka.

– Det viser seg at dei hadde ei sterk sak. Dei gav ikkje etter for det som må ha vore eit enormt press om å gje bort detaljar om kva som verkeleg låg bak, skriv avisa.

Kritiserer styresmaktene

The Times of India stiller derimot spørsmål ved handteringa indiske styresmakter har hatt av saka og meiner at ein på indisk side må ha kjend til realitetane.

– Det viste seg at barna ikkje blir haldne skilt, men er saman. Dei er også hos ein indisk familie, ikkje ein europeisk, skriv avisa.

Alt dette må indiske styresmakter ha fått kjennskap til då dei sende ei utsending til Noreg, meiner avisa.

– Men det blei likevel ikkje gjort noko forsøk på å nyansere framstillinga eller endre oppfatninga folk hadde av saka, heiter det i den kritiske artikkelen til storavisa.