Hopp til innhold

Her hoppa to basehopparar i natt

To menn i 30-åra hoppa i natt med fallskjerm ned frå taket på det 60 meter høge Rica Forum Hotel i Stavanger. På bakken venta politiet. – Hoppet er ikkje ulovleg, ifølgje Stavanger baseklubb.

Rica Forum Hotell, Tjensvoll

Frå det 60-meter høge hotellet Rica Forum Hotel på Tjensvoll i Stavanger hoppa to basehopparar i natt.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Klokka 03.13 i natt fekk politiet i Rogaland ei uvanleg melding.

To personar var observerte koma svevande ned frå, 60-meter høge Rica Forum, på Tjensvoll i Stavanger.

– Eg blei overraska

Politiet rykka ut og fekk fatt i dei begge. Dei har vore inne til avhøyr, og blitt lauslatne, men det er framleis uklart kva heimel i lova dei to skal bli melde for.

Magne Torgersen er direktør for Rica i regionen, han seier at dette er første gong dei opplever at nokon hoppar i fallskjerm frå hotellet.

– Eg blei veldig overraska, seier han til NRK.no.

Etter hoppet har han snakka med gjester som observerte dei to basehopparane koma seg opp frå utsida med ei vogn, denne er meint for dei som jobbar med vasking av vindauga.

Glad ingen blei skadd

Hotellet er 21 etasjar, og ruvar 60 meter over bakken. Vindauga er laga slik at dei ikkje er moglege å opna meir enn berre litt. Taket skal også vera sikra mot at folk skal koma seg opp.

– Me har jo tenkt at dette kunne skje, og det er derfor me har sikra hotellet. Me har også fått førespurnad frå basehopparar om å få lov til og hoppa, desse har me avvist, seier Torgersen.

Han er likevel glad at det gjekk som det gjekk.

– Når dette likevel skulle skje er eg veldig glad for at det gjekk bra, og at ingen blei skadde, seier han.

Nå lover han at dei skal sikra hotellet betre, for å unngå at dette skal skje i framtida.

– Ikkje ulovleg

Basehoppmiljøet er stort i Stavanger, med Kjerag ikkje langt unna.

Nestleiar i Stavanger B.A.S.E klubb, Kim Stian Møller, seier klubben deira tar avstand frå alt som strir mot norsk lov.

– Viss det er slik at dei tok seg opp på hotelltaket med ein vaskevogn, så var ikkje dette bra. Men sjølve hoppet er ikkje ulovleg, seier han til NRK.no.

Han seier at det finst stader i Norge det ikkje er lovleg å hoppa frå, som til dømes Trollveggen, og at klubben ikkje har problem med å akseptera dette.

– Eg ville aldri ha hoppa frå Trollveggen. Men eg har hoppa frå Oslo Plaza og min eigen leilegheit, utan at eg bryt lova.

– Kva kan du sei om hoppet som blei gjort i natt?

– Det er livsfarleg, men det er alle basehopp. 60 meter er ikkje for lågt å hoppa, sjølv har eg hoppa frå 30 meter, men då landa eg også i sjøen.