Hopp til innhold

Kvinner blir sende heim frå sjukehusa etter berre eit par døgn

Nå skal barselomsorga i heile landet bli kartlagt av helsetilsynet, etter urovekkjande rapport frå Rogaland.

Baby (Illustrasjonsfoto)
Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

- Det nyttar ikkje å seia ”du skal få ammehjelp om 14 dagar”, når kvinnene treng hjelp nå.

Det seier helsesyster Grethe Groven, i Stavanger.

Ho er oppgitt over at liggjetida på sjukehuset etter fødsel berre blir kortare og kortare. Og at helsestasjonane dermed får ansvar for fleire kvinner enn dei klarer å ta vare på:

- Me veit kva me skal tilby på helsestasjonen, men me har ikkje ressursar til å ta i mot desse kvinnene.

Nasjonal kartlegging

Nasjonalt råd for fødselsomsorg rapporterer at mange brukarar er misnøgde med omsorga dei får etter fødsel.

Ein rapport frå fylkeslegen i Rogaland avdekkjer veikskapar i systemet seier seniorkonsulent i Statens Helsetilsyn Kristina Totlandsdal:

- I rapporten kom det fram at kommunalhelsetenesta fekk beskjed for seint, eller at dei fekk manglande informasjon frå sjukehuset om kvinner som treng ekstra oppfølging.

Nå skal Helsetilsynet derfor i gang med ei omfattande kartlegging om korleis det står til med barselomsorga i heile landet.

Fokuset skal liggja på kva som skjer i overgangen mellom sjukehus og kommunehelsetenesta.

Håper på resultat

Helsesyster Grethe Groven, håper at dette vil gje konkrete resultat, som vil trygga kvaliteten på barselomsorga kvinner får i dette landet:

- Eg håper at det kan koma ei sentral normering som seier kor mange helsesystrer det bør vera i ein kommune per hundre fødsel.