Hopp til innhold

Balltalent frå Usken drøymer om OL

Tysdag er det på ny klart for verdsturneringa i sandvolleyball i Stavanger. Årets turnering i Vågen er større enn nokon gong. Blant debutantane er ein ambisiøs 25-åring frå ei lita øy med berre ei handfull fastbuande.

Volley-talent fra Usken

– Det blir veldig spanande. Me kjem til å sitja på tribunen og heia. Me er veldig stolte av han, seier farmor Ellen Usken, mens ho ventar på at barnebarnet skal koma med båten frå Hommersåk.

Bjarte Usken (25) blir tatt godt imot når han kjem tilbake til den litle øya der han vaks opp. Farmor og farfar er naturleg nok stolte av barnebarnet, som er på god veg inn blant verdseliten i sandvolleyball.

Bjarte Usken

Bjarte Usken spelar med makker Lars Retterholt frå Åmli. Dei har sin første kamp i Stavanger Major på torsdag.

Foto: Magnus Stokka

– Dette her er eit heimesnikra volleyballnett. Det er far som har ordna det, fortel Usken og viser fram nettet han brukte i barndommen, men som har stått i fred dei siste åra.

Vaks opp med Stavanger-turneringa

Det er ikkje akkurat flust med sandvolleybanar og treningskameratar på hytteøya Usken utanfor Hommersåk.

Men sjølv med berre ein fastbuande familie på øya, har ikkje det hindra 25 åringen i å satsa stort på sandvolleyball. Nå er han endeleg klar for verdsturneringa Stavanger Major på heimebane, med fullsette tribunar i Vågen.

Les også: Arrangørene av sandvolleyen er fornøyde

Bjarte Usken spelar med makker Lars Retterholt frå Åmli. Dei har sin første kamp på torsdag.

– Eg vaks jo opp med turneringa i Stavanger. Eg var på den første turneringa, og det var der eg blei inspirert og tenkte at det hadde vore kjekt å spelt her ein dag. Det blir som ein draum som blir verkeleg, seier han.

Usken

Idylliske Usken utanfor Hommersåk, der Bjarte Usken vaks opp. I dag bur han i Sandnes.

Foto: Magnus Stokka

Målet er OL i 2020

Litt forsiktig balleik med sambuaren er fint før alvoret er i gang. Men det har ikkje berre vore leik å moro å satsa på idrett på øya der familien Usken er dei einaste fastbuande.

– Eg spurte jo om eg kunne få ein sandvolleybane, men det var ikkje mor heilt begeistra for, fortel Usken.

Sjølv om han ikkje fekk viljen sin i barndommen, blir det nok sand under føtene når 25-åringen nå reiser rundt på sandvolleyarenaer i Europa. 25-åringen, som har tatt fagbrev som lastebilmekanikar og studerer petroleumsgeologi, er klar på kva det store målet er.

– Det er OL i 2020, og å få ei pallplassering der, slår han fast.

Drøymer om Usken Open

Først skal balltalentet frå Usken debutera i World tour-turneringa Stavanger Major. Og sjølv om heimstaden ikkje tel mange innbyggarar, har dei i alle fall stor tru på det som skal skje dei komande dagane.

Besteforeldrene Usken

Besteforeldra til Bjarte Usken, Ellen og Karl Usken.

Foto: Magnus Stokka

– Han kan gjerne vinna, ein vet jo aldri. Det at han har kome så langt som han har gjort nå er utruleg, resten er berre bonus, seier farmor Ellen Usken.

Bjarte Usken har deltatt i europaturneringa, CEV, til nå. Målet er altså fast plass i verdsturneringa og på sikt OL. I tillegg har han tankar om turnering på den idylliske heimstaden sin.

– Tenk å ha turnering her ute då, og invitert nokre lag ut hit. Usken Open, eller eit eller anna. Det hadde vore glimrande, drøymer 25-åringen.