Atle frå Egersund er Kakás nye kiropraktor

Atle Torstensen frå Egersund behandla kona til den medisinske sjefen i AC Milan. Kort tid etter hadde kiropraktoren ansvaret for å halda verdsstjerner som El Shaarawy, Kaká og De Sciglio skadefrie.

Kaka og Atle Torstensen

Kiropraktoren Atle Torstensen er ikkje spesielt interessert i fotball, likevel er det stort for han å jobba i fotballklubben AC Milan. Her er Kaka i aksjon mot Atletico Madrids Gabi.

Foto: Scanpix/Mathias Oppedal / Scanpix/NRK

Stephan El Shaarawy og Atle Torstensen

Atle Torstensen saman med italienske Stephan El Shaarawy, som i tillegg til å spela på AC Milan også spelar på det italienske U21 landslaget.

Foto: Privat
Mattia De Sciglio og Atle Torstensen

Her er Atle Torstensen saman med Mattia De Sciglio, som spelar på AC Milan og det italienske landslaget.

Foto: Privat

Det heile starta veldig tilfeldig for eitt år sidan. Kiropraktoren, Atle Torstensen, som til dagleg jobbar ved Dalane Kiropraktorklinikk i Egersund, var på kurs i Oslo.

Her var den medisinske sjefen for AC Milan, Jean Pierre Meersseman, og snakka om behandling av skadar og førebygging av skadar på fotballspelarar. I etterkant var det ein workshop, der Torstensen viste fram metodane han sjølv bruker på sine pasientar.

– Jean Pierre Meersseman stod og såg på meg. Etterpå kom han bort til meg saman med kona, som hadde armar ho ikkje klarte å løfta meir enn nitti grader. Han spurte om eg kunne sjå litt på ho, og heldigvis fungerte behandlinga mi, slik at ho kunne løfta armane, fortel Torstensen.

Visste ikkje spelarane var

Dermed blei kiropraktoren invitert ned til Milano for samtalar.

– Det høyrdest sjølvsagt veldig kult ut, så det var ikkje vanskeleg å ta meg fri frå jobb for å reisa ned, seier han.

Fotballinteressa til Torstensen var ikkje større enn at han pleidde å få med seg Eiger sine kampar, der barna hans speler. Derfor blei det litt pinleg då han kom ned og fekk møta spelarane på AC Milan.

– Eg ser ikkje noko særleg fotball på TV, derfor kjende eg ikkje att så mange av spelarane. Spesielt flaut var det då eg spurde Mattia De Sciglio om han spelte på juniorlaget til AC Milan. Då kom ortopeden og kviskra meg i øyra at han faktisk spelar på det italienske landslaget.

Nokon av dei han fekk helsa på kjende han likevel att. Legender som Paolo Maldini og Filippo Inzaghi.

– Ein fot er ein fot

Men Torstensen var ikkje der for å kjenna att spelarar, han var der for å klemma på dei. Og etter å ha jobba spesielt på Stephan El Shaarawy og Mattia De Sciglio, som hadde slite med langtidsskade, var klubben overbevist om at dei ville ha han. Begge spelarane blei erklært friske etter behandlinga frå Torstensen.

– Eg har utvikla ein kompetanse for skadar på det som ikkje er rygg og nakke. Og det var det dei mangla der nede. Det er derfor dei ville ha meg, seier han.

– Kva tenkar du om å behandla toppspelarar som dette?

– Eigentleg er det ikkje noko spesielt med det. Ein fot er ein fot, anten den sit på «Kar» i Egersund eller Kaká i Milano. Presset er likevel stort for å få dei tilbake fort sidan det er så mykje pengar involvert, og sidan det ikkje har gått så godt med Milan den siste tida.

Han jobbar for klubben ei veke anna kvar månad. Men på sikt er planen at han skal gi italienarane kompetansen dei treng for å klara seg utan han. Sjølv sett han pris på tida han får vera med.

– Det er utruleg givande og eg lærer nok meir enn eg lærer frå meg. Det å jobba saman med eit slikt apparat der eg har tilgang på kva eg vil av utstyr og diagnoseverktøy er sjølvsagt veldig kjekt, seier han.

Mattia De Sciglio during the soccer Confederations Cup

Mattia De Sciglio (t.h.) i aksjon for det italienske landslaget, her mot Mexico og Javier Aquino.

Foto: Antonio Calanni / Ap