Hopp til innhold

250.000 kroner til turbru

Eit einstemmig formannskap i Time kommune gjekk tysdag føremiddag inn for å bevilga 250.000 kroner til den nye turbrua over Frøylandsvatnet.

Brua, som skal sjå ut som ein midtgardsorm, er eit felles prosjekt mellom kommunane Time og Klepp.

Turbrua er kostnadsrekna til 7,9 millionar kroner. Time kommune er byggherre, mens Klepp skal stå for vedlikehaldet.