Hopp til innhold

18 åring klatra Aconcagua

18 år gamle Anders Christoffersen frå Bersagel i Sandnes har klatra Aconcagua i Sør-Amerika.  Det er verdas høgaste fjell utanom Himalaya.

Anders Christoffersen, Aconcogua

Det var speidar og rovererfaringane til Anders Christoffersen, som gjorde at han fekk bli med ein norsk klatreekspedisjon til Aconcagua.  Fjellet er på heile 6962 moh. 

Christoffersen er leiar i Høle Roverlag.  Der er han sikkerhetsansvarleg i klatregruppa. Derfor fekk han jobben som helse og sanitetsansvarleg i klatre-ekspedisjonen.

 

Teltleir, Aconcagua

Klatreturen

Christoffersen reiste avgarde med den norske klatregruppa på åtte klatrarar, den 4. januar.  Han var klart yngst i gruppa, som hadde andre medlemmer i alderen opp til 50 år. 

- Likevel var det veldig god kjemi i gruppa, seier Christoffersen. 

Han har alltid vore interessert i ekspedisjonar, heilt frå  han var liten.  I tillegg set han pris på fysiske utfordringar, om det er klatring eller maraton det dreier seg om.

Gruppa kom aldri til toppen.  Dei stoppa på 5400 meter.  Då hadde dei allereide lege værfaste i tre døgn.  Det var kraftig vind og saman med 25-30 kuldegrader utgjorde det omlag 50 effektive grader minus, seier Christoffersen.  Då fann ekspedisjonsleiaren ut at det var på tide å snu.

- Sidan det ikkje var fordi eg var utsliten at me måtte snu, gjorde det ikkje noko, seier han.

Ny utfordring

Christoffersen må ha gjort eit godt inntrykk, for han har nå fått invitasjon til å bli med på ny klatretur i 2009.  Då er målet Cho Yo i Himalaya.  Det fjellet er på 8202 meter. 

Store kostnader

Det er ingen billeg fornøyelse å dra på ein slik ekspedisjon.  Førebuingane tok innpå eit år og Christoffersen måtte ut med mellom 50 og 60 000 kroner.  Det var reiseutgifter og innkjøp av klær og utstyr.  

- Men det fine er at mykje av utstyret kan brukast seinare, seier Christoffersen og ser fram til 2009.