Hopp til innhold

16-åring knivstukken i Sandnes sentrum

To menn i 20-åra er arrestert og mistenkt for hendinga. Helsetilstanden til 16-åringen er alvorleg, men stabil, opplyser politiet til NRK.

Knivstikking i Sandnes

KNIVSTIKKING: Ein 16-år gammal gut er knivstukken i Sandnes. Politiet fekk fort kontroll på situasjonen. To personar er mistenkt for hendinga.

Foto: Ronny Hjertås

– Me veit ikkje noko om motivet eller årsaka til hendinga akkurat no, seier operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Jostein Reiestad.

Det var like før klokka 20.00 politiet fekk melding om hendinga, og væpna politi rykka ut til Sandnes sentrum. 20 minutt seinare vart dei to mistenkte funnen, og tatt hand om av politiet.

Politiet sikrar spor på staden.

Politiet sikrar spor på staden.

Foto: Ronny Hjertås

– 16-åringen har stikkskadar i nedre del av kroppen, men eg ønskjer ikkje går nærare inn på detaljar, seier Reiestad.

Dei mistenkte har ikkje ønskja å samarbeida med politiet fram til no, og nye avhøyr ventar truleg i morgon.

Politiet ønskjer ikkje fortelje kva kniv som er brukt under hendinga.

Alle dei involverte har utanlandsk bakgrunn.