Axel Kryger går frå Sogndal til Bryne
Axel Kryger går frå Sogndal til kriseramma Bryne, skriv Aftenbladet. 24-åringen si kontrakt med 1.-divisjonslaget Sogndal går snart ut.
Kryger er frå Sandnes og har spelt over 100 kampar for Ulf. Moderlaget gav han også eit tilbod, men midtstopparen gjekk for Bryne, der han no har ei kontrakt på to og eit halvt år.
Bryne har tapt dei siste tre kampane sine, sist seks-null mot Start på måndag.