Hopp til innhold

- Politiet må etterforska

Miljørørsla Bellona meiner utblåsinga på Gullfaks C-plattforma er så alvorleg, at politiet må etterforska hendinga.

Gullfaks C
Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro / Øyvind Hagen

Bellona kallar Gullfaks C-saka ei av dei mest alvorlege hendingar på norsk sokkel på fleire år. Bellona har i fleire dagar hevda at borestrengen hadde køyrd seg fast, men Statoil har ikkje villa stadfeste dette før onsdag.

- Me må kutta borestrengen og gjenoppta sirkulasjon. Det kan me handtera, og det er ein kjend problemstilling og prosedyre, seier pressetalsmann Gisle Johanson i Statoil.

- Eg er rasande over at Statoil ikkje har villa kommentera dette tidlegare. Denne hendinga hadde storulykke-potensial. Den er drepande for oljeindustrien sine påstandar om tryggleik på norsk sokkel, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Manglar oversikt

Statoil har brukt store mengdar borevæske for å hindra ukontrollert utblåsing på Gullfaks C, men har ikkje oversikt over kor slammet er blitt av. Men natt til onsdag kom arbeidet inn i ei fase der borevæska ikkje lenger forsvinn i berggrunnen, opplyser Johanson.

Boreslammet blir pumpa inn i brønnen for å hindra ukontrollert utblåsing etter at Gullfaks C har vore stengd siden torsdag i førre veke, då trykket blei ustabilt i ein av brønnane.

Statoil vil til Stavanger Aftenblad ikkje opplysa kor mykje boreslam Statoil har brukt for å stabilisera trykket. Dei har heller ikkje detaljar om kva som er skjedd med boreslammet som blir pumpa ned i brønnen.

Petroleumstilsynet vil granska

-Me er informert om metodane Statoil bruker for å få kontroll over brønnen, seier pressetalskvinne Inger Anda i Petroleumstilsynet.

Tilsynet vil be om ei grundig evaluering av hendinga når situasjonen er under kontroll. Bellona ventar på Petroleumstilsynet si gransking, men seier dei sjølv vil sjå på dei juridiske sidene ved saka.

- Me trur det kjem til å enda med politietterforskning. Me meiner Statoil har drive utover det som er forsvarleg, og at dei har teke risikoar som ikkje er naudsynte i eit vanskeleg reservoar, seier Hauge.