Hopp til innhold

Quizkampen: Test deg sjølv

Sport, USA og mat og drikke har vore tema i dei siste sendingane av Quizkampen på NRK P2. Klarer du spørsmåla?

Eva Bratholm, Ole Andreas Laache Klevan og Kristoffer Rønneberg

I Quizkampen testa quizmaster Ole Andreas Laache Klevan (i midten) USA-kunnskapen til Eva Bratholm og Kristoffer Rønneberg, begge tidlegare utanrikskorrespondentar.

Foto: Rubicon

1/10 Godfoten

Fotball er ikke for alle

Kven scora Noregs einaste mål under europameisterskapen i Nederland og Belgia i 2000?

2/10 Ta bølgen

M-wave er ein sportsarena i Nagano, Japan. Kva slags idrett er han for?

3/10 Hopp og sprett

I kva idrett blir uttrykket “trippel lutz” brukt?

4/10 Stor, større, størst

USA: Kva stat er størst i areal?

5/10 Forbud

Kva ville abolisjonistane avskaffe i USA?

6/10 Folketal

Kor mange innbyggarar har USA?

7/10 Gjenbruk

Motsigende preisdent
Foto: Saul Loeb / AFP

“Make America great again” var slagordet til Donald Trump under valkampen. Det har vore brukt i presidentvalkamp før – men av kven?

8/10 I begeret

Kva smakar den franske drinken (likøren) Pernod?

9/10 Serviett-etikette

Standsmessig bord
Foto: NRK

Kor skal du legge servietten din dersom du må forlate bordet for eit toalettbesøk under ein fin middag?

10/10 Trønderkultur

Skjenning
Foto: Røra Bakeri

Flatbrødet skjenning har ei søt side; kva er ho pensla med?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.


Du kan høyre Quizkampen på NRK P2 på laurdager kl.15.05 eller når du vil på NRK Radio