Hopp til innhold

Reindrømmen - premiere! (1:6)

Reindrift er hardt arbeid. Men for Reiulf Aleksandersen er det den store draumen.

Veke 10 NRK 1 måndag 4. mars kl 19.45.

Reindrømmen - Reiulf Aleksandersen vil drive med reindrift

Reiulf Aleksandersen er norsk, men han snakkar samisk og går gjerne med kofte.

Foto: David Gonzalez / NRK

I denne dokumentarserien møter vi norske Reiulf som omfamnar samisk kultur. Sidan han var sju år har han drøymt om å drive med rein. Men for å drive med reindrift i Nord-Noreg må ein vere same.

Reiulf og kona hans, Risten Turi Aleksandersen får ein unik sjanse: Reineigar Elsa Granath tilbyr Risten som er samisk, å overta hennar andel i reindrifta på Kvaløya utanfor Tromsø. Denne arva Elsa frå mor si, som igjen hadde arva frå si mor. Men ho vel Reiulf og Risten, som ikkje er slekt, til å føre reindrifta vidare.

Draumen kan gå i oppfylling.

Men den andre reineigaren på Kvaløya (som er Elsas søskenbarn) meiner at det ikkje er plass til fleire reineigarar der. Han saksøker staten som er ansvarleg for reguleringa som tillèt at Risten og Reiulf også driv med reindrift på øya. I tillegg til denne konflikten trugar også utbygging av vindkraftverk på Kvaløya reindraumen. Eit vindkraftverk vil ha store negative konsekvensar for reindrifta.

Dokumentarserien er eit samarbeid mellom NRK og produksjonsselskapet f(x) som filmskaparen Fridtjof Kjæreng står bak. Han er blant anna kjent for filmen «En prest og en plage» og NRK-serien «Den store snøballkrigen».