Hopp til innhold
Info fra NRK

NRK kåra til årets mest attraktive arbeidsplass

For andre år på rad er NRK kåra til Noregs mest attraktive arbeidsplass i Randstad si store arbeidsgjevarundersøking. Om lag fire tusen arbeidstakarar deltok i undersøkinga som plasserer NRK på topp.

Påtroppande kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen mottek prisen på vegne av NRK.

Påtroppande kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen tok imot prisen for Noregs mest attraktive arbeidsgjevar 2022 frå administrerande direktør Eivind Bøe i Randstad Norway.

Foto: Randstad

– Det er særs krevjande å rekruttere om dagen. Eit godt rykte blant arbeidstakarar har aldri vore viktigare i kampen om nye talent. NRK er godt rusta til å vinne denne kampen med sitt sterke rykte som ein god arbeidsplass, seier administrerande direktør i Randstad Norway, Eivind Bøe.

Flest ønskjer å jobbe hjå NRK

I undersøkinga kjem det fram at NRK skårar høgt på å ha interessante arbeidsoppgåver, godt omdøme, solid økonomi og eit godt arbeidsmiljø.

– Dette er ei utruleg fin utmerking å få og eg er veldig glad for at vi beheld førsteplasseringa for andre år på rad. Særleg etter ei krevjande periode med pandemi, seier påtroppande kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Einaste medieaktør

Det er Kantar som gjennomfører undersøkinga på vegner av Randstad. I år er det ingen andre medieaktørar på topp ti-lista.

– NRK er ein mangfaldig og kreativ arbeidsplass med mange spanande arbeidsoppgåver. Vi har for eksempel over hundre yrkesgrupper som arbeider på femti stadar i landet, og vi har tilsette frå fire generasjonar. Dette har stor verdi, men krev også mykje av oss som arbeidsgjevar. Derfor arbeider vi stadig med å skape eit godt og kreativt arbeidsmiljø, fortset Fürst Haugen, som sjølv har vore i NRK sidan 1994.

– NRK er i ei klasse for seg sjølv. Resten av lista er prega av store selskap som arbeider innanfor teknologi, olje og energi, seier Bøe.

Stor konkurranse

Fire tusen norske arbeidstakarar tok del i kåringa av den mest attraktive arbeidsplassen i landet. Undersøkinga tek for seg dei 75 største verksemdene i Noreg og har og generelle spørsmål om lønn, motivasjon for å bytte jobb og skilnad mellom kjønn. Eit av hovudfunna i årets rapport er ønsket om betre balanse mellom arbeid og fritid, i tillegg til meir fleksibilitet i arbeidskvardagen. Etter NRK følgjer Sopra Steria og Aker Solutions på lista over arbeidsgjevarar flest kunne tenke seg å arbeide for.

NRK er topprangert for andre året på rad etter ein tredje- og fjerdeplass i 2019 og 2020.