Hopp til innhold

Jon Ola Sand tilbake i NRK

Ansvarleg for Eurovision Song Contest i EBU, Jon Ola Sand blir prosjektleiar i arbeidet med nytt hovudkontor for NRK.

Jon Ola Sand

Jon Ola Sand har vore Executive Supervisor for Eurovision Song Contest sidan 2011. No skal han tilbake til NRK.

Foto: Thomas Hanses / EBU

Som prosjektleiar skal han arbeide med utvikling av NRK som organisasjon når NRK skal inn eit nytt bygg. Oppgåva blir å sikre at NRK også i framtida er ein arbeidsplass, produksjonshus og allmennkringkastar i verdsklasse.

– Dei nesten 10 åra i EBU (European Broadcasting Union) har vore fantastiske og spennande, men det skal også bli godt å komme heim. Ute i Europa blir NRK stadig nemnt som ein allmennkringkastar som får det til: NRK har i større grad enn andre klart å tilpasse seg endra vaner hos publikum, digitaliseringa har komme langt, og nye måtar å publisere innhald på treffer nye målgrupper. I jobben eg no kjem tilbake til, skal eg arbeide for at NRK står best mogleg rusta for framtida. NRK skal framleis vere en leiande allmennkringkastar i Europa, seier Sand.

Det er ikkje bestemt når Sand startar i NRK. Dette blir først avklart når EBU har funne ein arvtakar til stillinga hans.

– Jon Olas engasjement og stødige hand har vore av uvurderleg verdi for EBU og medlemslanda. Saman med dei har han sørga for vekst og utvikling av Eurovision Song Contest, og slik skapt verdas største underhaldningsshow, seier Jean Philip De Tender, mediedirektør ved EBU. Les meir

NRKs nye hovudkontor
Like før sommaren vart Annika Biørnstad tilsett som prosjektdirektør for organisasjonsutvikling inn mot eit nytt hovudkontor. Hovudansvaret hennar er å motivere, involvere og sikre gode prosessar i NRK fram til eit nytt hovudkontor står ferdig. Tilsettinga av Jon Ola Sand er den første tilsettinga ho gjer i prosjektet.

– Eg er utruleg glad og fornøgd med å få Jon Ola med på laget. Jon Ola deler ambisjonen vår om NRK som ein sterk og innovativ allmennkringkastar i framtida. Han har brei produksjonskompetanse og eit unikt nettverk i heile Europa, seier Biørnstad.

Også kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er svært glad for tilsettinga.

Det er strålande at Jon Ola kjem tilbake til NRK. Med hans bakgrunn og enorme erfaring skal han bidra til å utvikle NRK som allmennkringkastar og produksjonshus og førebu oss på å flytte inn i nytt hus, seier Eriksen.

NRKs nye hovudkontor skal vere ein arbeidsplass der forholda ligg til rette for å ta i bruk og utvikle ny teknologi, utforske idear, lære, dele og samarbeide på tvers av organisasjonen og med miljø utanfor NRK. Les meir om flytteprosjektet