Hopp til innhold
Info frå NRK

Slik blir sommaren og september på NRK

I sommar og til hausten kan NRK by på store sportsopplevingar, mykje nytt drama og masse moro for store og små.

Karsten Warholm med det norske flagget prosjisert over ansiktet til venstre. Herman Flesvig med overdriven damesminke og Mikkel Niva, begge utkledd i makedonske folkedrakter til høgre.

Ulike utfordringar: Karsten Warholm jaktar medaljar i EM og OL i sommar. Herman Flesvig og Mikkel Niva må ut på oppdrag over heile Europa, her på eit litt spesielt karneval i Nord-Makedonia.

Foto: NRK/ Tor Even Mathisen, Nexico / / NRK

I dag lanserte NRK nokre av programma som kjem i sommar og tidleg på hausten.

– For ein sommar vi har i vente på NRK! Det blir masse sport: EM i både friidrett og fotball, før OL endeleg kjem tilbake på NRK – direkte frå Paris. Men vi får også møte dei 67 morosamaste i Noreg i programmet Dette er humor og mange andre spennande personar i Sommer i P2, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

– Eg vil også nemne eit breitt podkast-tilbod for dei yngste, med Fantorangenfortellinger, Brannbamsen Bjørnis og masse gull frå arkivet. Og så gler eg meg til august. Då kjem Oppdrag Europa, som er det splitter nye reiseprogrammet til Mikkel Niva og Herman Flesvig, fortel kringkastingssjefen entusiastisk.

Her følgjer ei oversikt over kva du kan glede deg til framover. (Programma for seinhausten blir lanserte etter sommaren)

Hopp i artikkelen:

Oppdrag Europa

I Oppdrag Europa reiser den nysgjerrige og optimistiske Mikkel Niva og den engstelege pessimisten Herman Flesvig til nokre av dei minst besøkte landa i Europa. På kvar tur får dei eit oppdrag dei må løyse.

Målet er å bli betre kjent med landet og komme «under huda» på kvar stad dei besøker. Korleis går det når Herman og Mikkel må lære seg walisisk godt nok til å spele i ein stor såpeopera? Det blir både fornøyeleg og uføreseieleg når Herman og Mikkel improviserer løysingar på utfordringane dei møter undervegs.

Våre beste år

Ein litt rufsete familie på fire i serien Våre beste år: Pernille Sørensen, Cala Holmboe, Bjørn Tomren og Tobias Solli Kaarfald står oppstilt med ein gul trevegg bak.

Pernille Sørensen, Bjørn Tomren, Tobias Solli Kaarfald og Cala Holmboe har hovudrollene dramakomedien Våre beste år

Foto: Henrik Sander/Feelgood TV / NRK

Ein raddisfamilie flyttar til vestkanten midt på 80-talet og får jappetida midt i trynet. Sonen Ole Martin blir forvandla til ein liten materialist, mens dottera Simone blir tatt av den politiske høgrebølga. Samtidig kjempar mamma Siri ein desperat kamp for å stanse amerikaniseringa av ungdomsprogrammet ho jobbar i på NRK.

I dramakomedien Våre beste år møter vi Pernille Sørensen i rolla som mamma Siri, Bjørn Tomren som hennar tafatte Gerhardsen mann, Christian Mikkelsen som sjølvsikker FpU-leiar, Ida Elise Broch som ustabil AKP-ar og mange andre skodespelarar kjent for komisk talent. Serien er inspirert av boka av Ole Martin Ihle, «Da He-Man kom til Norge».


Dette er humor

Kollage med Linn Skåber som ler, Atle Antonsen som klaskar seg i panna og Jonis Josef som ser forvirra ut.

I Dette er humor ser norske komikarar tilbake på kva både dei og andre har gjort og diskuterer kva humor eigentleg er.

Foto: NRK

I Dette er humor snakkar heile 67 norske komikarar om det morosamaste dei har laga og kva som får dei til å le. Spennet er stort: Her er den eldste komikaren 55 år eldre enn den yngste.

To og to komikarar møtast i studio til samtale – nokre er gamle samarbeidspartnarar, mens andre har aldri møttest før. Vi får gjensyn med stolte augeblikk frå norsk humorhistorie og klipp komikarane helst hadde sett vart gøymt (og gløymt) i arkivet.

Dates in real life

Ida, spelt av Gina Gørvell Bernhoft. står framfor målskive-aktige raude sirklar

Ida må vekk frå PC-en og ut i den verkelege verda i dramaserien Dates in real life.

Foto: Maipo Film / NRK

I denne dramaserien møter vi Ida, som for det meste lever online. Når kjærasten hennar Marvin, som ho aldri har møtt, plutseleg annonserer at han dater ein anna person IRL, rasar verda saman for Ida. Ida bestemmer seg for å finne sin eigen fysiske partnar, samtidig som ho aldri gir slepp på håpet om å få Marvin tilbake.

Dates in real life har allereie fått pris for beste serie i International Panorama Series Mania. I rolla som Ida møter vi Gina Bernhoft Gørvell.

Her lukter det fesk

Kjartan Lauritzen og Bilal Saab på havet med fiskestenger i bakgrunnen og ein stor tors, halden av Bilal Saab i forgrunnen.

Etter fleire forsøk på storhavet lykkast Kjartan Lauritzen og Bilal Saab til gangs med fangsten i Her lukter det fesk.

Foto: Frida Marie Flatland / NRK

Denne serien byr på stor fisk og musikalske møte i Finnmarks spektakulære natur. Bilal Saab, musikar og fiskeguide, tek med seg ein anna fiskeinteressert, norsk artist på eit fiskeeventyr.

I tillegg til fangst på kroken har dei også eit anna mål: Kvar episode vil by på ei unik, felles framføring med Bilal og artisten. Agnete Saba, Kjartan Lauritzen, Kurt Nilsen, Broiler, Moillrock og Ida Maria er musikarane Bilal deler lidenskapen sin for fiske og musikk med.

Sportssommar på NRK

Nokre av verdas beste idrettsutøvarar skal kjempe om edelt metall i sommar. Hos NRK kan du sjå og følgje dei store meisterskapa.
Les også saka:
Følg en fantastisk sports­sommer på NRK

Friidretts-EM i Roma

Frå 7. til 12. juni er det europameisterskap i friidrett. Blant anna Jakob Ingebrigtsen, Narve Gilje Nordås og Karsten Warholm stiller til start.

Ida Nysæter Rasch er programleiar frå Roma, mens Jann Post, Vebjørn Rodal og Christina Vukicevic Demidov kommenterer.

Fotball-EM i Tyskland
Tre personar i ein park med vind i håret.

Carl-Erik Torp, Emil Gukild og Ingerid Stenvold blir å sjå på NRK under fotball-EM.

Foto: Espen Solli / NRK

24 av dei beste herrelandslaga på kontinentet er klare for å kjempe om tittelen som europameister. Meisterskapet startar fredag 14. juni og varer til søndag 14. juli.

NRK deler også denne gongen rettane til fotball-EM med TV 2. Ingerid Stenvold og Emil Gukild er NRKs programleiarar frå studio på Marienlyst. Christian Nilssen, Andreas Stabrun Smith og Patrick Rowlands skal vere TV-kommentatorar, mens Carl-Erik Torp, Kristoffer Løkberg og Åge Hareide er ekspertkommentatorar på dei TV-sende kampane.

Les meir om fotball EM her

Sommar-OL i Paris

Fire dresskledde mennesker, tre menn og en kvinne stående på rekke i grønne omgivelser.

Eirik Fure, Jann Post, Ole Rolfsrud og Ida Nysæter Rasch er nokre av profilane som skal jobbe med OL på NRK.

Foto: Celina Øier / NRK

Endeleg! For første gong sidan 2012 skal NRK sende OL på TV. Dette skjer etter at NRK og Warner Bros. Discovery blei einige om å dele på rettane. Årets største idrettsevenement finn stad i den franske hovudstaden frå 26. juli til 11. august.

NRK skal sende alt av friidrett frå sommar-OL i Paris lineært og i NRK TV, inkludert triatlon, kappgang og maraton.

Ole Rolfsrud og Eirik Fure er programleiarar i studio i Oslo, mens Ida Nysæter Rasch er på plass som programleiar på Stade de France. Kommentatorar er blant anna Jann Post, Vebjørn Rodal og Christina Vukicevic Demidov.

NRK sender også Paralympics, frå onsdag 28. august til søndag 8. september.

Seriesommar

NRK TV vil som vanleg har eit rikt utval av både dramaseriar og dokumentarar du kan sluke i eitt jafs. Her er nye dramaseriar i NRK TV:

red eye stemningsbilde NRK TV

RED EYE: Når flyet til Beijing lettar, lever alle dei 237 passasjerane. Men det er ein mordar på jobb blant dei. Kor mange må døy før natta er omme?

Ekskona S01E01 Stemningsbilde sesong NRK TV

EKSKONA: Tasha har alt: ein vakker heim, draumemannen og ei nydeleg dotter. Livet kunne vore perfekt – om det berre ikkje var for Jacks giftige ekskone, Jen.

The Bay S05E01 Stemningsbilde sesong NRK TV

THE BAY, SESONG 5: Når ei ung kvinne blir funnen drepen, må Jenn, som sjølv er i sorg, legge eigne kjensler til side. Jobben krev at ho er sterk for dei pårørande.

Hotel Portofino S03E03 Stemningsbilde sesong NRK TV

HOTEL PORTOFINO, SESONG 3: På familien Ainsworths hotell er gjestene like kravstore som dei er velståande. Sola skinn i det glade 20-tallets Italia, men mørke skyer truar.

lykkevika s3-4 stemningsbilde NRK TV

LYKKEVIKA, SESONG 3 OG 4: Då mora døyr, drar Johanna heim til sommarbyen Lykkevika. Men der er alt som før - med sladder, utruskap og gravide tenåringar. Svensk småby-krim.

Politimannen Asgeir (Pål Sverre Hagen) snubler over skumle planer med storpolitiske konsekvenser i «Furia».

FURIA: Politimannen Asgeir flytter til ein idyllisk by på Vestlandet. Her møter han Ragna, og saman viklar dei seg inn i eit nettverk av høgreekstreme krefter.


Her er nokre av dokumentarane du kan sjå i NRK TV. Både det geografiske og tematiske spennet stort:

De norske søstrene Kari (foran) og May-Elin gjør en stor oppdagelse i «Mirakelet i Gullspång».

MIRAKELET I GULLSPÅNG: Dette er det mest spinnville du har sett på lenge. To norske søstrer kjøper leilegheit i Sverige. Møtet med seljaren snur opp ned på livet deira – gong på gong.

boris johnson - makt og scandalar stemningsbilde NRK TV

BORIS JOHNSON - MAKT OG SKANDALAR: • Ingen har prega Storbritannia av i dag som Boris Johnson. Nære vener – og fiendar – fortel om mannen, maktspelet og det spektakulære fallet.

Stacey Dooley overnatter USA S2 - Stemningsbilde

STACEY DOOLEY OVERNATTER: Prostituerte, polygamistar og ein pappa på deling – Stacey drar på helgebesøk til folk med eit liv litt utanom det vanlege.

Gloriavale - flukten fra sekten - Stemningsbilde

GLORIAVALE - FLUKTEN FRA SEKTEN: New Zealands mest ekstreme kult minner mange om TV-serien «The Handmaid’s Tale». Her fortel avhopparar om overgrep og hjernevasking


Frå slutten av august kjem sesong 2 av The Responder og Colin fra regnskap. Vi får også sesong 4 av Grace og den norske dramaserien Ida tar ansvar frå 2022. Både NRK P3 og VG trilla 5 på terningen den gong: «Sint, ung mann møter konfliktsky, ung kvinne. Sammen skaper de bekmørk dramatisk humor med fornøyelige sidefortellinger», skreiv VG.

Humor, kultur og underhaldning

Rosakledde deltakarar til høgre og venstre i bildet og svartkledd programleiar og dommar midten.

Oliver Bergset og Martin Belgen har med seg skjønnheitsinfluensar Tim Kristian, treningsinfluensar Hedda Schroeder Skaug, komikar Karsten Blomvik og fotballekspert Kasper Kvello. Influensar Agnete Husebye og komikar Martin Sleipnes er også blant deltakarane

Foto: Michael Schult Ulriksen / NRK

Om du vil le litt, men samtidig ha sportsleg spenning, er EM i hageleker akkurat det du treng. Seks norske kjendisar ofrar alt i denne humorrealityen, der dei konkurrerer i ulike hageleikar. Kubb og frisbee får nye tvistar, og i kvar runde må taparen reise heim. Til slutt står vi igjen med ein europameister i hageleikar. Oliver Bergset er programleiar, mens Martin Belgen Isaksen er trenar og dommar.

  • Premiere: 15. uni

Pride

Full av farge, glede og fest med meining: 29. juni går prideparaden gjennom Oslos gater, og i Høydepunkter fra prideparaden får du nettopp det, frå det mangfaldige og fargerike opptoget.

Pål Plassen er kommentatoren som losar oss gjennom TV-sendinga, og Kirsti Falch-Nilsen er NRKs utegåande reporter blant glade pridedeltakarar.

  • Premiere: 29. juni

Festkonsert Oslo Pride 50 år

29. juni er det også storslått musikalsk feiring av mangfald i Den Norske Opera og Ballett. Ane Brun, Jarle Bernhoft, Bjørn Tomren, Kim Rysstad med fleire står på scenen saman med Kringkastingsorkestret og Operaens barnekor. Silya Nymoen og Noman Mubashir er programleiarar for ein kveld som vil by på opera, joik, jazz, strupesong, pop og kveding.

Eurovision Young Musicians

17. august møtest elleve unge musikarar til finale i Eurovision Young Musicians i Bodø. Deltakarane er blant dei beste klassiske solistane i Europa under 22 år. For Noreg stiller den 20 år gamle pianisten Sebastian Egebakken Svenøy. Han danka ut dei norske konkurrentane sine i Virtuos-finalen på NRK tidlegare i år.

Silje Nordnes og Mona Berntsen er programleiarar, og konkurransen vil blir sendt på både radio og TV i ei rekke europeiske land.

Til hausten blir det også nye sesongar med kjente program.

Frå bølle til bestevenn

Kvinne i profil med svart, hvit og brun valp på armen

Hundetrenar Maren Teien Rørvik skal prøve å hjelpe fem nye hundar og eigarane deira i fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn

Foto: Max Emanuelson / Monster/NRK

Dei elskar hundane sine over alt på jord, men draumen om ein bestevenn er blitt eit mareritt. I fjerde sesong av Fra bølle til bestevenn prøver hundetrenar Maren Teien Rørvik å hjelpe eit nytt kull med hundar og eigarane deira. Vi får også følge Maren i hennar prosess med å skaffe seg og oppdra ein ny kvalp.

Du kan lese meir om den nye sesongen og om deltakarane her: Ny sesong av «Fra bølle til bestevenn»

Alle mot 1

Endeleg er Alle mot 1 tilbake med ny sesong full av morosame, rare og spektakulære eksperiment du kan gjette på, der ein deltakar skal prøve å vinne over heile Noreg. Denne gongen har Selda Ekiz og Selma Ibrahim med seg Karsten Blomvik i programleiartrioen.

Plutseleg dukkar dei opp i kommunen din, og du får sjansen til å vere med på eit eksperiment. Alle mot 1 er programmet der alt kan skje.

Gauteshow

Det blir også ny sesong av Gauteshow, med oppstart i august.

Radio og podkast

For enkelte er The kid from red bank, Reiseradioens kjenningsmelodi, sjølve lyden av sommar. Denne blir det sjølvsagt gjenhøyr med i år også. Her er programleiarane i Reiseradioen i sommar:

  • Marte Stokstad og Kåre Magnus Bergh
  • Anne Lindmo og Halvor Haugen
  • Amir Horori og Kaja Figenschou
  • Markus Vangen og Tara Lina Shahin
  • Ingrid G. Linhave og Solveig Kloppen
  • Ingunn Thon og Lars Os
  • Else Kåss Furuseth og Markus Neby
  • Ronny Brede Aase og Live Nelvik
  • Premiere: 22. juni

Reiseradioens sommerleker

Smilande Rune Nilson i kvit skjorte mot blå bakgrunn.

Nytt sommarprogram: Rune Nilson inviterer til uhøgtideleg konkurranse i Reiseradioens sommerleker

Foto: NRK

I år får Reiseradioen ei «veslesøster»: Reiseradioens sommerleker er eit nytt og underhaldande konkurranseprogram kor lyttarane får bryne seg på kvissar og utfordringar i alle tenkelege kategoriar. Programleiar Rune Nilson vil gjennom heile sommaren servere spørsmål, rebusar og skattejakter til alle som vil vere med.

  • Premiere: 22. juni

Sommer i P2

Ung mann som ser rett i kamera

Kunstnar Nikolai Torgersen er ein av dei du kan bli betre kjent med i sommar.

Foto: Robert Rønning / NRK

Tradisjonen tru kan du komme tett på svært ulike menneske i Sommer i P2. Den prisvinnande molekylærbiologen Sigrid Bratlie, kunstnar Nikolai Torgersen og Raudt-politikar Mímir Kristjánsson er nokre av dei som vil fortelje personlege historier og spele musikken dei meiner høyrer med.

  • Premiere: 26. juni

Hele historien: Raset i regnet

Spenn opp ditt indre filmlerret og kom tett på dramaet som utspann seg i Jølster: I Hele historien: Raset i regnet skal vi til den idylliske vestlandsbygda. Ein fin sommarferiedag 2019 blir Jølster råka av eit enormt styrtregn. Det utløyser over 160 ras av stein og jord, når elvar og bekkar går over breiddene sine på kort tid. Dei mange bilistane hamnar i dødsfeller nede på vegane rundt det store Jølstravatnet.

  • Premiere: 30. juli


P3sommer

P3sommer sender på NRK P3 frå morgon til kveld måndag til og med fredag frå slutten juni og fram til starten av august. I kvart sitt team skaper Oskar Fjørtoft Sandanger og Hedda Gundersen Gullikstad, Zeineb Gaadi Hagi og Vilde Pettersen, Espen Muzamura og Mohamed Salah Ahmed, og Magnus Vattekar Sandvoll og Sigrid Johanne Ahlquist Slagstad sommarstemning.

NRK P3 skal for andre år på rad ta over Campingscenen på Slottsfjell 10. og 11. juli. Der blir det underhaldning med blant andre Nate og Arian (StudioP3), Adelina og Tete (P3morgen) og Dr. Jonas og Markus Vangen (Lekekassa) – for ikkje å snakke om karaokefest med Kaja og Oskar frå Absolutt fredag.


Nye podkastar

Det er også klart for fleire nye podkastar. Er Love Island ein av dine guilty pleasures, kan du glede seg over ein Træsh-spesial: Gruppechatten- Love Island med Adelina Ibishi, Arian Engebø og Anna Folkestad.

  • Premiere: 10. juni


Også dei yngste kan glede ei rekke nye podkastar.

Fantorangenfortellinger

Kvite Pivi, lilla Fantus og oransj Fantorangen omgitt av bøker på grøn bakgrunn
Foto: NRK

I verda til Pivi, Fantorangen og Fantus kan alt skje, og det gjer det. Dei reiser til månen, møter Havfrua og Fantus veks og blir diger. Høyr dei gøyale, rare og spennande forteljingane på sengekanten, i bilen eller i pausen.

  • Premiere: 21. juni

Labyrint om natten

Det blir også spennande og morosame forteljingar frå Labyrint – med litt promp og fjert.

Mens Daidalos og Daidalosa søv om natta, blir Labyrinten til leikeplass for robotane. Då kan dei gjere kva dei vil – så lenge dei ikkje blir oppdaga!

Krampus blir forelska, Lupus reiser med eit poffeskip og Kamina må jakte på spøkelseslyden.

  • Premiere: 19. juli

Brannbamsen Bjørnis

Lurer du på korleis du blir en god brannkonstabel? Brannbamsen Bjørnis gir deg gode tips og spennande opplevingar i nye historier i sommar.

  • Premiere: 21. juni

Klassen-rådet

For dei litt eldre barna kjem blant anna Klassen-rådet med Selma Ibrahim. Ho pratar med skodespelarane frå Klassen og saman løyser dei innsende ungdomsproblem. Det minner om Lørdagsrådet, men for barn og ungdom.

  • Premiere: 21. august

Det kan komme justeringar i premieredatoar. Kontakt pressevakt@nrk.no for informasjon om program som ikkje har ein kommunikasjonsansvarleg.

Det vil bli ei ny lansering til hausten for program som har premiere frå slutten av september og utover.