Hopp til innhold

Slik søkjer du sommarjobb: Abdirahman (17) vil tene eigne pengar

Korleis søkjer ein eigentleg på ein sommarjobb når ein aldri har gjort det før? Her får du tips.

Abdirahman Mohammed Ibrahim

DRØYMER OM JOBB: Abdirahman Mohammed Ibrahim har hatt sommarjobb før, men synest søkjeprosessen er vanskeleg.

Foto: CHRISTIAN NYGAARD-MONSEN / NRK

– Målet mitt er å få meg ein jobb eg kan tene godt på, seier Abdirahman Mohammed Ibrahim.

I eit lokale i Fredrikstad sit han saman med ei rekkje andre håpefulle ungdommar.

Dei har éin ting til felles: Dei vil ha sommarjobb.

– Eg ser ikkje etter noko spesielt og vil klare dei fleste jobbar, seier Ibrahim.

Abdirahman Mohammed Ibrahim

Abdirahman Mohammed Ibrahim har hatt sommarjobb tidlegare, men synest framleis det er vanskeleg med CV og søknad.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Han beskriv seg sjølv som sosial og håpar potensielle arbeidsgivarar vil vektleggje det når dei skal tilsetje sommarvikarar.

I Fredrikstad får ungdommane hjelp til søkjeprosessen hos fritidstilbodet «Litthjelp». Det er eit kommunalt tilbod for ungdom mellom 14 og 18 år.

– Dei som søkjer synest det er vanskeleg å finne nok ting å fylle ut CV-en sin med. Dei har til dømes ikkje nok erfaring, seier rettleiar Emmeli Heieren Hedvald.

Korleis skrive CV?

Men korleis skal ein eigentleg gå fram for å finne seg ein sommarjobb? Og kva bør ein søknad innehalde?

Tone Skau Fossvik, Karrieresenter Østfold

Tone Skau Fossvik ved Karrieresenter i Østfold deler sine beste tips for å få sommarjobb.

Foto: Thomas Andersen

– Mange arbeidsgivarar ser etter nokon som kan gjere jobben, vil gjere jobben eller passar til å gjere jobben, seier rettleiar Tone Skau Fossvik i Karrieresenter Østfold.

Ho meiner sommarjobb kan vere ei god erfaring for framtida.

– Sommarjobb gir inntekt, arbeidserfaring, ny referanse og kan utvide nettverket ditt, seier Fossvik.

Her er hennar beste tips:

NRK forklarer

Slik får du sommarjobb

Slik får du sommarjobb

Ver ute i god tid!

Mange verksemder planlegger bemanninga tidleg.

Slik får du sommarjobb

Bruk fleire kanalar for å finne jobb

  • Nettverk og folk du kjenner
  • Ulike søkjeportalar som finn.no og arbeidsplassen.no.
  • Sosiale media
  • Bemanningsbyrå
Slik får du sommarjobb

Kva bør ein søknadstekst innehalde?

  • Set ord på kva du kan bidra med i jobben.
  • Tilpass søknaden til kvar stilling du søkjer, slik at du ikkje blir for generell.
  • Ta med kompetanse, motivasjon og interesse.
  • Ta også med kva som kan matche deg med arbeidsgivaren.
Slik får du sommarjobb

Kva bør ein CV innehalde?

  • Kontaktinformasjon, utdanning og erfaring som er relevant for stillinga.
  • Det er vanleg å sette opp dei nyaste erfaringane først.
  • Tilpass CV-en til kvar stilling du søkjer, slik at den ikkje blir for generell.

Eit godt førsteinntrykk av ein CV aukar moglegheitene for å bli vald ut til intervju.

Slik får du sommarjobb

Forstå arbeidsgivaren sine behov

Bli kjent med verksemda, kva rolle du skal ha og kva arbeidsoppgåver du skal utføre.

Slik får du sommarjobb

Ikkje gi deg!

Å vere jobbsøkjar kan opplevast som å sitje i ein berg- og dalbane av ulike kjensler. 

Mange vil kjenne på frustrasjon, skuffelse, håp og spenning.

Nokre opplever å måtte søkje mange stillingar før dei får eit jobbtilbod, medan andre lukkast med ein gong.

Fleire lovbrot under pandemien

I 2021 hadde over 440.000 unge mellom 15 og 24 år ein jobb i løpet av sommarmånadene, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Tal frå Finn viser at det i januar i år var 26.000 søk på sommarjobb. Same månad i fjor var det 22.000 søk. Det er ein auke på 18 prosent.

– Kvart år startar søk etter sommarjobb på FINN allereie i januar med ein stigande auke og ein topp i april/mai, seier kommunikasjonsrådgivar Linda Glomlien i Finn.

LOs sommarpatrulje håpar arbeidsgivarar tek vare på ungdommane som får jobb.

Sindre Hornnes

Sindre Hornnes er ansvarleg for LO sin sommarpatrulje.

Foto: Privat

– Det er viktig at dei gjer opplæringa i jobben grundig. For mange er dette det første møtet med arbeidslivet, seier ansvarleg for patruljen Sindre Hornnes.

Sommarpatruljen jobbar med å sikre at ungdom har det bra på jobb, og at dei ikkje blir utnytta av arbeidsgivarar.

– Under pandemien gjekk lovbrot opp fordi vi var i ein ekstraordinær situasjon. Vi forventar at arbeidsgivarar i år sørgjer for at unge får eit godt møte med arbeidslivet, seier han.

NRK forklarer

Dette har du rett på i jobben

Dette har du rett på i jobben

Sørg for å ha en arbeidskontrakt

Arbeidskontrakten skal inneholde følgende:

  • Informasjon om lønn
  • Arbeidstidsbestemmelser
  • Oppstartstid
  • Det skal også stå hvor mye du skal jobbe
  • Arbeidsgiver kan ikke kreve at du skal arbeide mer enn det dere har avtalt i kontrakten. Du har også krav på å jobbe de timene det står i kontrakten
Dette har du rett på i jobben

Du har krav på betalt opplæring

  • Du har krav på opplæring, og den skal være betalt.
  • Opplæringen skal sette deg i stand til å gjennomføre oppgavene du blir satt til å gjøre.
Dette har du rett på i jobben

Husk at det er regler for arbeidstid og pauser

  • En vanlig arbeidsdag for voksne er inntil ni timer i løpet av 24 timer - og inntil 40 timer i løpet av én uke.
  • En skal som regel også ha pause.
  • Med andre ord skal sommervikarer også kunne spise en is i solen og ha en pause i løpet av en vanlig arbeidsdag.
Dette har du rett på i jobben

Du skal ha overtidsbetaling

  • Hvis du jobber overtid, skal du ha overtidsbetalt.
  • Overtidstillegget skal være på minst 40 prosent av timelønna di.
  • Hvis du er under 18 år skal du ikke jobbe overtid – det har ikke arbeidsgiver lov til å kreve.

Manglar erfaring å skrive opp

For Mohammed Abdullahi Mohammed er draumen å tene nokre kroner på eiga hand.

– No skriv eg ein CV som eg kan vise til dei som tilset folk, seier 17-åringen.

Men han er usikker på kva han eigentleg vil jobbe med.

Emmeli Heieren Hedvald og Mohammed Abdullahi Mohammed

Rettleier Emmeli Heieren Hedvald hjelper her Mohammed Abdullahi Mohammed med å skrive CV og søknad.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Eg tenkjer eg ikkje vil gjere det same heile tida. Noko variert.

Saman med ein rettleiar skriv han ned den vesle erfaringa han har og lagar ei tydeleg oversikt.

– Men det er vanskeleg når du ikkje har så mykje erfaring å skrive opp på CV-en. Eg veit det blir enklare å skrive ein bra CV etter kvart som eg får jobbar, seier Mohammed.

Les også Matbransjen skriker etter lærlinger som Nora

Nora Cecilie Buckholm på Nortura i Indre Østfold

Les også Stor mangel på vernepleiere: Tilbyr nedbetaling av studielån

Paul Tshaba

Tenker du på noe?

Hei!

Har du lyst til å tipse meg om en mulig sak? Ta gjerne kontakt på e-post.