Programleiar Frode Søreide har med seg meglarar frå Rogaland og Trøndelag - som aldri før har vore i Halden. Kven er best til og tippe salsprisen på tre eigendommar i eit framande område?
– Den største utfordringa for meklarane er og finne ut kva som er eit bra og dårleg området. Manglar ein meglar denne lokalkunnskapen, så er det ikkje lett og tippe riktig pris, seier programleiar Frode
Om Halden
Fredriksten festning er sjølve landemerket i Halden. Her har nokon av dei mest blodige oppgjera i norsk krigshistorie stått. I dag er det byen sin største turistattraksjon og får kvar år besøk av over 200.000 turistar.
Kommunen ved Iddefjorden er den største i Østfold målt i utstrekning og nesten 30.000 personar kan kalle seg som haldensarar.
Svinesundbruene fører oss rett frå Halden og ut i det store Europa. Herifrå er det halvanna time til Oslo og to timar til Gøteborg.
Gamalt og nytt
Ei av utfordringane meglarane får bryne seg på er eit gamalt bedehus som ligg vakkert til heilt på grensa til Sverige. Med på kjøpet føl også eit gamalt orgel.
Dette er ikkje eit vanleg objekt og blir ei hard nøtt for meglarane som ikkje er lokalkjende i området. Meklarane besøker også eit moderne hus i eit nyare byggefelt i Halden.
I tillegg til ein ærverdig og eldre einebustad med nydeleg utsikt.
Trondheim mot Rogaland
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.
Frå Trondheim deltar Torill Sneve og Odd Olav Berg. Dei skal konkurrere mot dei to Sola-meglarane – Julie Kristine Lundahl og Thomas Skjæveland.
I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast? Det står om ære eller vanære!
I løpet av serien sine seks program skal meklarar reise på kryss og tvers i Norge. I tillegg blir det besøk i utlandet. Programmet er no inne i sin femte sesong.
Som i dei førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 12 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai.