– Det er det høgaste gebyret eg har vore borti på køyre- og kviletid, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Vidar Samuelsen.
Han fekk mistanke da han såg ein mindre lastebil med ein Porsche på lasteplanet i kontrollen på Svinesund.
Og det tok ikkje lang tid før bøtene begynte å hope seg opp.
Han og partnaren avdekte heile 13 grove brot, som førte til at sjåføren blei meld til politiet. Det var Moss Avis som fyrst omtalte saka, og kunne fortelje at føraren og transportselskapet fekk bøter på til saman 67 250 kroner.
Det høgaste førelegget fekk sjåføren. Det blei på heile 45 000 kroner for brot på køyre- og kviletida.
– Vi ser at han ikkje har kortet i fartsskrivaren sin. Han meiner sjølv at han ikkje skal bruke han, men når vi lastar ned kortet hans ser vi at han tok ut kortet sitt i Sverige og køyrde vidare, fortel Samuelsen.
Sjåføren av denne bilen fekk seg ein dyr tur til Noreg.
Foto: Statens Vegvesen– Trafikkfarleg
Undersøkinga av fartsskrivaren viste at føraren hadde køyrt samanhengande i 14 timar og 50 minutt utan pause.
Ifølge regelverket for køyre- og kviletid skal ein ta ein 45 minutt lang pause etter maksimalt fire og ein halv time med køyring.
Vidar Samuelsen (til venstre) seier at dette er det høgaste gebyret for brot på køyre- og kviletid han har vore borti.
Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK– Det er trafikkfarleg med ein sjåfør som har køyrt så lenge utan pause, seier Samuelsen.
Hittil i år har Statens vegvesen avdekt brot på køyre- og kviletid hos 3072 sjåførar. Det er ein liten auke frå tilsvarande periode i fjor. Da var talet 2923.
Det skal ikkje ha vore første gong den tyske lastebilsjåføren har brote reglane for køyre- og kviletid. Fartsskrivaren viste at han fleire gonger dei siste 57 dagane hadde køyrt lenger enn han hadde lov til.
– Eg blir overraska, for oppgåva vår er trafikksikkerheit. Prøver du å køyre privatbilen din i 15 timar, er du sliten etterpå. Det er ein grunn til at vi har køyre- og kviletid. Vi er ikkje noko glad når vi ser sånt, fortel Samuelsen.
– Kan veldig fort ryke liv
Administrerande direktør i lastebileigarforbundet her i landet, Knut Gravråk, fortel at det heldigvis ikkje er vanleg med så grove brot på køyre- og kviletida.
Administrerande direktør i Noregs lastebileigarforbund, Knut Gravråk, minner om at sjåføren likevel slapp billig unna.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK– Skadepotensialet her er enormt. Det kan veldig fort ryke liv, seier Gravråk.
Han forklarer at 24 timar utan søvn er tilsvarande å ha éin i promille.
– Her nærmar vi oss eit punkt der det er skikkeleg farleg, seier Gravråk.
Forbundet hans meiner det er viktig at bøtesatsane speglar alvorsgraden i lovbrotet. Derfor er han glad for at sjåføren fekk ein så streng reaksjon. Samstundes minner han om at det kunne gått langt verre.
– Det er slett ikkje det verste for ein sjåfør å få eit slikt gebyr. Det verste er å bli drapsmann. Han slapp billig unna, seier Gravråk.