– Vi har funne ei mogleg årsak. Det var ein forlaten eingongsgrill i området vi trur brannen starta, seier brannsjef Rigman Pents i Indre Østfold brann og redning.
Dei siste to døgna har store mannskap kjempa mot skogbrannen i Trømborgfjella i Indre Østfold kommune.
Brannen starta tysdag ettermiddag. Torsdag herjar framleis flammane i terrenget.
Brannvesenet har no varsla politiet etter funn av eingongsgrillen dei trur kan ha starta skogbrannen.
– Når det er så tørt ute og ein tek i bruk ein eingongsgrill, og berre forlèt han, så er det veldig uforsvarleg etter mi meining, seier Pents.
Brannvesenet mistenkjer at brannen starta i dette området. Eingongsgrillen ligg i buskane.
Foto: Indre Østfold brann og redningTrur brannen vil vare lenge
Det brenn framleis i eit område på 1200 gonger 800 meter. Brannvesenet har fått bistand frå Sivilforsvaret, Røde Kors og to helikopter i sløkkjearbeidet.
Det blir framleis jobba med å avgrense spreiingsfaren. Natt til torsdag jobba 40 personar med brannsløkking.
– Det er utruleg mykje arbeid. Vi har hatt over 30 personar i sving i to døgn, og det blir minst to døgn til, seier Pents.
Brannvesenet og Sivilforsvaret jobbar torsdag med å få kontroll på brannen i Indre Østfold.
Foto: INDRE ØSTFOLD BRANN OG REDNINGDet var Smaalenenes Avis som omtalte saka først.
Politiet ber om opplysningar
Politiet i Indre Østfold opplyser til NRK at det ikkje er oppretta ei melding enno, men at det vil bli gjort fortløpande.
– Vi må sjå om vi har nokre spor eller opplysningar om kven det er som eventuelt har vore i skogen med eingongsgrillen. Det kan dreie seg om aktløyse, seier politiavdelingsleiar Kay Lund-Pettersen.
– Vi håpar vedkommande kontaktar oss.
Det brenn i store område i Trømborgfjella på grensa mellom Rakkestad og Indre Østfold kommune. Slik så det ut tysdag kveld.
Han ber også personar som var i området tysdag om å ta kontakt med politiet.
– Skogbrannen har ført til store skadar, så det er ein stor varsku på at folk må passe på, seier Lund-Pettersen.
Fleire millionar kroner
Brannvesenet anslår at har brannen har kosta fleire millionar kroner. No minner brannsjefen om bålforbodet og viktigheita av å ikkje bruke open eld.
– Det er så tørt i terrenget. Det er vanskeleg å få vatna ned i jorda og det blussar fort opp igjen dersom det kjem ein gneist, seier Pents.
Skogbrannhelikopter hjelpte til med sløkkingsarbeid tysdag og onsdag. Torsdag har helikopteret vorte sendt til andre skogbrannar i Sør-Noreg.
Brannvesenet og Sivilforsvaret har jobba gjennom natta for å få kontroll på flammane.
Foto: Indre Østfold brann og redningBrannvesenet har torsdag formiddag avgrensa området som brenn. Men dei fryktar framleis at vinden kan spreie brannen.
Brannsjefen kallar sløkkingsarbeidet svært krevjande.
– Helikoptera er veldig gode til å slå ned flammar og brannen, men i den fasen vi er inne i no er det hardt arbeid på bakken som gjeld. Vi går med spadar og vasskanner mange gonger for å unngå at brannen blussar opp igjen, seier Pents.