Hopp til innhold

Streik gjev eksamenskaos

3000 lærarar gjekk i dag tidleg ut ut i streik. Dårleg informasjon gjer at elevar i vidaregåande ikkje anar om dei skal møte opp til sidemålseksamen, eller om dei kan ta fri.

Eksamen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Mange avgangselevar i den vidaregåande skulen skal ha eksamen i norsk sidemål i dag.

Elevar i streikekommunane Bergen i Bærum, Tromsø, Karmøy og Oslo er usikre på om dei skal møte opp.

LES: Her rammar streiken

Det er også eksamen i andre fagvariantar, og utover i veka kjem eksamenane som perler på ei snor.

Eksamen for dei fleste

Elevane må rekne med å gjennomføre eksamen ved dei fleste av dei 17 vidaregåande skulane som er tekne ut i streik, men ved nokre skular blir eksamen avlyst.

- Ved nokre skular er leiinga organisert av oss, og då er dei tekne ut i streik. Andre stader er ikkje leiinga organisert av oss, og då kan eksamen gå som normalt, seier Ragnhild Lied i den sentrale streikekomiteen til Unio.

Mange av elevane anar ikkje kva det vil bety, dersom dei ikkje får gjennomført eksamen.

- For mange elevar er det uklart om dei skal ha eksamen i dag, og om den kjem til å stå på vitnemålet, stadfestar Lied.

Dårleg informasjon

Elevorganisasjonen krev at elevane får tydeleg informasjon, og øvste leiar i utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, er samd i at informasjonen har vore for dårleg.

- Eg vil at skulane legg ut informasjon om kva som er konsekvensen av streiken på heimesidene sine, seier han.

Fredag går 16 nye vidaregåande skular ut i streik, og fleire elevar kan bli råka.

Skarheim seier at dei som tek eksamen kjem til å få sensur. Dei som ikkje får gjennomført eksamen på grunn av streik, treng ikkje uroe seg for vitnemålet.

- Vi vil vurdere kva vi gjer. Det vanlege er at standpunktkarakterane blir gjeldande. Elevar som er usikre på kva som skjer, bør dra til skulen og førebu seg på at dei har eksamen, seier han.