Hopp til innhold

Ny meklingsfrist om ei veke

Partane i lønnsoppgjeret i offentleg sektor er samde om å utsetje fristen for ein avtale til onsdag om ei veke.

Video nsps_upload_2009_5_27_19_29_49_1666.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det er arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen som opplyser dette.

Den opprinnelege fristen gjekk ut ved midnatt natt til i dag, men det vart avgjort å halde fram forhandlingane i dag etter nokre timars pause.

Forhandlingane starta opp igjen i føremiddag, og i kveld vart det kjent at fristen er utsett med ei veke.

- Det er viktig å få denne ekstra veka til å halde fram den gode dialogen, og jobbe grundig for å finne ei god løysing for ei framtidig pensjonsordning, seier Dag Terje Andersen.

Han vil ikkje seie at streikefaren er over, men understrekar at det er vilje til å finne ei løysing.

Statsråden seier at det siste møtet mellom partane i dag vart halde i ein god tine, og at både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida er samde om å halde fram dialogen.