Hopp til innhold

No kan du sjekke skatten din

Frå og med i dag kan du sjekke skatteoppgjeret ditt på Internett.

Penger
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Skatteetaten sine sider på Internett kan du no finne det endelege skatteoppgjeret ditt.

Informasjonsdirektør Lise Halvorsen ved Skatteetaten

Lise Halvorsen er informasjonsdirektør i Skatteetaten.

Foto: Skattetaten, Foto: Pressebilde, Foto: Pressebilde

Her ligg eit grønt banner med teksten "klikk her for å se skatteoppgjøret ditt".

Så kjem du inn på ei ny side der du ein gong til må klikke på "klikk her for å se skatteoppgjøret ditt". Så kjem du inn på MinID, som er ei felles innlogging for offentlege tenester.

Opprette profil

Er du ikkje registrert som brukar, må du opprette ein profil her. Du blir beden om å gi opp personnummeret ditt (11 siffer).

Informasjonsdirektør i Skatteetaten, Lise Halvorsen, opplyser at det er naudsynt for å alle som vil sjekke skatten sin på nettet å registrere seg på Min Side.

Det er også naudsynt å ha tilgang til PIN-kodane som Skatteetaten sende ut i desember i fjor, eller seinare om det er bestilt nye PIN-kodar.

Les meir om PIN-kodar her

Ikkje e-post

Lise Halvorsen kan fortelje at det ikkje er mogleg å gå pinkodar på e-post eller på SMS. Alle PIN--kodane blir berre sende i Posten til adressa du er registrert på i Folkeregistreret. Dette for å sikre at uvedkomande ikkje skal få tak i kodane.

Dei endelege tala for kor mange som får igjen pengar på skatten, og kor mange som må betale restskatt, blir offentleggjorde i morgon.